Kvifor er det så lite vatn i magasina?
I sommar er vasstanden i nokre magasin er lågare enn vanleg. Her forklarer vi kva som ligg bak.
Lite snø, kald vinter og høgt kraftforbruk
Vinteren i år var både tørr og kald. Det har ført til at:
- Folk og næringsliv har brukt meir straum enn normalt
- Det har kome lite snø og nedbør, og dermed mindre tilsig til magasina
Når tilgangen til vatn er låg samstundes som forbruket er høgt, må ein bruke energilagera i magasina. Dette er hovudårsaken til låg vasstand no.
I år har Noreg importert kraft store delar av tida, for å sikre straumforsyninga.
Når vasstanden blir lågare enn mange er vane med å sjå, får vi som kraftprodusent spørsmål om kvifor. For Tussa er det viktig å vere open om at dette er ein del av den planlagte og lovlege drifta av regulerte vassdrag.
Kvifor tappast magasina?
Vassmagasin er bygde for å regulerast gjennom året. Det betyr at vasstanden varierer etter:
- Kor mykje straum samfunnet treng
- Kor mykje vatn som kjem frå snøsmelting og nedbør
Låg vasstand kan opplevast uvant og stygt, men er ein del av den planlagde drifta. Produksjonen skjer ikkje tilfeldig, men er styrt for å sikre straum når behovet er størst, til privathus, næringsliv og samfunnskritiske funksjonar.
Tussa produserer vasskraft i tråd med konsesjonar og løyve frå styresmaktene
For kvart magasin finst det klare reglar som seier:
- Kor høg vasstanden kan vere
- Kor låg vasstanden kan vere
- Kva omsyn som skal takast til natur, dyreliv, fisk osb. gjennom året
Vi følgjer desse reglane nøye. Sjølv om vasstanden kan opplevast som låg, er han innanfor det som er tillate i konsesjonsvilkåra.
Kva kan vi vente oss i sommar?
Korleis vasstanden utviklar seg vidare kjem i stor grad an på veret. Mindre snø i fjella betyr at snøsmeltinga gir lågare tilsig enn vanleg. Det er difor mogleg at enkelte magasin kan ha lågare vasstand enn mange er vane med utover sommaren, særleg dersom vi ikkje får mykje nedbør.
Omsyn til natur, friluftsliv og fisk
Omsyn til natur, friluftsliv og fisk er ein del av ansvaret vårt som kraftprodusent. Kraftproduksjon har fordelar og ulemper, og konsesjon blir gitt når styresmaktene vurderer fordelane som større enn ulempene.
Eventuelle kompensasjonar er fastsette i konsesjonsvilkåra. For enkelte vatn inneber dette til dømes krav om utsetjing av fiskeyngel og andre miljøtiltak.
Sjå når vi set ut fiskeyngel i Tyssevatnet:
Meir informasjon
Tussa har ansvar for regulerte vassdrag over heile søre Sunnmøre, Stryn og Stranda. Vi ønskjer å forklare kvifor situasjonen er som han er. Har du spørsmål om vasstand eller kraftproduksjon er du velkommen til å ta kontakt med oss.