Kva leitar du etter?

Tor Wilhelm Havåg
Tor Wilhelm Havåg forklarer kraftmarknaden, prishopp og flaskehalsar.

Kraftprisane - kort forklart

09.09.2022

Etter ei periode med svært låge kraftprisar i området vårt, og svært høge prisar lenger sørover landet, har prisen dei siste dagane blitt meir lik mellom områda. Kvifor gjer kraftprisen så store hopp? Tor Havåg, avdelingsleiar i krafthandelsavdelinga i Tussa forklarer.

- Hovudbiletet er dette: Noreg og Sverige kan delast inn i eit nordområde og eit sørområde. I nord ligg svenske SE1 og SE2, i tillegg til norske NO4 og NO3. NO3 er området Sunnmøre høyrer til. Generelt er det eit stort og strukturelt produksjonsoverskot i nordområdet, noko vi har sett ekstra godt no i sommar. Hovudårsaka til dette produksjonsoverskotet er massiv utbygging av vindkraft gjennom dei siste tre til fem åra, mest i SE1, med også i SE2. I tillegg har vi norsk vindkraft på Fosen. I vinter var det også eit særs stort snømagasin, spesielt på norsk side av nordområdet. På toppen av dette fekk vi ein søkkvåt sommar i nord. Denne situasjonen førte til vedvarande flaskehals, som vil seie at overføringskapasiteten i kraftnettet mellom nord og sør er for liten. Det førte igjen til svært ulike prisar mellom nordområdet og sørområdet, forklarar Havåg og legg til at det er store planar om etablering av nytt industriforbruk i nordområdet. Det vil på sikt ete av produksjonsoverskotet.

Store prissprang frå time til time

Det som skjer no, etter om lag ein månad med godt ver og med lite vind og nedbør, er at eksporten austover til SE2 og vidare sørover til SE3 stadig oftare ikkje er større enn at kraftnettet greier å svelge unda. I slike situasjonar, når flaskehalsen fell vekk, får vi felles pris i områda.

- Denne priskoplinga er litt av og på etter vind og forbruk, og då ser vi prisar som skiftar med store sprang frå time til time alt etter om det er flaskehals eller ikkje. Små endringar i kraftproduksjonen eller straumforbruket kan gi store endringar i prisen, dersom overføringskapasiteten er tilstrekkeleg, seier Havåg.

Det som skjer no er at eksporten austover stadig oftare ikkje er større enn at kraftnettet greier å svelge unda. I slike situasjonar, når flaskehalsen fell vekk, får vi felles pris i områda.
Tor Wilhelm Havåg
BD 0764

Kapasiteten i kraftnettet

Kapasiteten fra NO3 til SE2 er normalt 600 MW. Kapasiteten frå NO4 (Nord-Noreg) til NO3 (Midt-Noreg) er 1200 MW, men ofte 1000 MW. Frå NO3 til NO5 (Vestlandet) er kapasiteten alt frå 0 til 700 MW. Denne blir sett av Statnett dagleg etter forholda i nettet. Frå NO3 til NO1 (Austlandet) er kapasiteten mellom 0 og 500 MW. Tala er erfaringstal frå siste periode.

- Det er når vi får opning vidare sørover mellom SE2 og SE3 (Stockholm) at vi får større prisløft. Ein kan då i spesielle tilfelle kople vidare heilt til Frankrike, som vi såg måndag morgon. Då vart timeprisen om lag 5 kroner i heile området, NO3 inkludert. Nettsambandet mellom SE2 og SE3 er i alle høve svært avgjerande. Han er på om lag 7000 MW, men Svenska Kraftnett set den ofte til mellom 5500 MW og 6500 MW. Bakgrunnen for dette er at dei held tilbake ein restkapasitet som blir ståande som reserve i tilfelle til dømes eit kjernekraftverk fell ut. All svensk kjernekraft ligg i SE3.

Havåg held fram med å forklare at i den situasjonen vi er i no, så har vi på Sunnmøre nokre gonger felles pris med SE2 og nokre gonger ikkje. Men vi ser at på dagar med eigen NO3-pris, er denne løfta frå 2€ i juli til rundt 60-90 € dei siste dagane. Dette er prisar som reflekterer den marginale, den prissettande, vasskraftprodusenten i NO3. Blir det vått framover vil vassverdien gå ned, og blir det tørt går vassverdien oppover. Kor mykje det bles, spesielt på Fosen, avgjer også kva vasskraftprodusent som blir prissettande, seier han.

Framtida

- Vidare framover vil sterkare samband sørover vere avgjerande for NO3 inkludert Sunnmøre. Kraftnettet Sogndal – Aurland mot NO1 er planlagt oppgradert i 2025. Nokre år seinare, tidspunktet er usikkert, kjem truleg også Sogndal – Kollsnes utanfor Bergen (NO5). Desse vil bidra sterkt til å samle Noreg til ein marknad. Like viktig er styrking av nettet mellom nord og sør i Sverige. Det finst omfattande planar, men også desse planane tek det år å realisere, forklarar Havåg og seier at eit siste forhold som må nemnast er flytbasert marknadskopling. Dette skal allereie i 2023 utnytte det eksisterande kraftnettet betre, og bidra til reduserte prisdifferansar mellom områda.