Kva leitar du etter?

20230130 100805 ok
Prosjektleiar Svein Vassbotn i Tussa Energi. Måndag var det formell stopp av kraftverket, og arbeidet med demontering og riving av det gamle kontrollanlegget starta.

Investerer 20 mill. kr i Åmela kraftverk

03.02.2023

Oppgradering av vasskraftverk er eit heitt tema om dagen, og det er dette Tussa er i gang med på det nest største kraftverket. I Åmela kraftverk skal kontrollanlegget bytast ut, for å sikre produksjonen av fornybar energi.

Åmela kraftverk ligg i Dalsfjorden i Volda kommune. Kraftverket vart sett i drift i 1977 og etter snart 50 år er kontrollanlegget modent for ei planlagt utskifting. Medarbeidarar frå kraftproduksjon og installasjon i Tussa er sentrale i arbeidet, i tillegg til ekstern ekspertise frå Eviny Solutions, Rainpower, GE Hydro Nordic, Møre Miljøsanering, Målar Olav og Acrylicon.

- Eit kontrollanlegg består av utstyr for å styre generatoren og turbinen i kraftverket. Det skal syte for effektiv og påliteleg drift, ivareta tryggleiken i kraftverket og beskytte installasjonane ved både normale og unormale driftssituasjonar. Det nye kontrollanlegget vil leggje til rette for framleis påliteleg produksjon av fornybar energi, og bidra til å redusere drifts- og vedlikehaldskostnadene, seier Svein Vassbotn, prosjektleiar i Tussa Energi.

20230130 101024 ok
Gjennomgang av prosjektet for medarbeidarar i Tussa og Eviny Solutions. Kraftstasjonen ligg 500 meter inne i fjellet ved Åmelfoten i Dalsfjorden i Volda kommune.

Prøvedrift i juni

Prosjektet starta 30. januar, med ein formell stopp av kraftverket. No er det fire intense månader som ventar dei som skal bidra i arbeidet. 2 500 arbeidstimar skal leggjast ned fram til planlagt prøvedrift 5. juni. Då skal kraftverket i gang igjen for å produsere kraft av smeltevatnet som har fylt magasina i løpet av våren.

Magasinkraftverk

Åmela kraftverk er eit magasinkraftverk som produserer kraft av vatnet i det naturlege nedslagsfeltet til Åmelaelva, i tillegg til overføring av vatn frå ei rekkje mindre nabovassdrag. Magasinkraftverk har magasin for lagring av vatn, slik at vassmengda blir regulert etter behov. Det betyr at krafta kan produserast når kunden treng det, i motsetnad til ikkje-regulerbar elvekraft, vind- og solkraft.

Kraftverket har ein normalproduksjon på 136 GWh, noko som tilsvarar straumforbruket til om lag 7 000 husstandar.

Prediktivt vedlikehald

Kraftverket er fullautomatisert og ubemanna, der all styring og overvaking blir gjort frå driftssentralen. Slik har det vore i mange år, og slik vil det framleis vere. Det nye frå juni er at kraftverket blir designa for prediktivt vedlikehald. Ved hjelp av datainnsamling og analyse av data, vil Tussa kunne forutsjå når det er naudsynt med vedlikehald. Tettare integrasjon mot produksjonsplanlegging gjer at vassressursane blir utnytta på best mogleg måte.


20230130 101822 ok
20230130 100900 ok
20230130 094025 ok

All kraft frå Tussa er fornybar

Tussa eig 25 vasskraftverk og 1 biobrenselanlegg. Tussa sine vasskraftverk har ein samla gjennomsnittleg produksjonskapasitet på 750 GWh i året. Det er nok til å forsyne rundt 37 500 bustadhus med straum i eitt år. For å utnytte vasskrafta på ein driftssikker og god måte, har Tussa eit moderniseringsprogram for dei eldre kraftverka. Ved å byte ut eller renovere gamle delar, og automatisere og digitalisere prosessar, aukar årsproduksjonen på kraftverka og sikrar produksjonen av fornybar energi.

Fornybar energi

Modernisering av kraftverk

For å utnytte vasskrafta på ein driftssikker og god måte, har Tussa eit moderniseringsprogram for dei eldre kraftverka. All kraft frå Tussa er fornybar.

Fornybar energi

Eit vasskraftverk blir til

I 2021 sette vi i drift Osdalen kraftverk. Sjå filmen frå utbygginga.