Informasjon om datainnbrot hos Telia
Telia Norge har vore utsett for eit datainnbrot som har ført til at kundedata er stole.
Telia sine undersøkingar viser at det gjeld namn, adresse, e‑postadresse, telefonnummer og fødselsdato til privatkundar som har TV frå Telia. Telia er Tussa sin leverandør av TV, men det er ikkje stadfesta at Tussa sine kundar er råka av datainnbrotet hos Telia.
Du treng ikkje gjere noko, men vi oppmodar alle til å vere ekstra merksame på moglege svindelforsøk.
Telia ser særs alvorleg på situasjonen og har sett inn store ressursar for å handtere han. Telia har allereie gjennomført tryggingstiltak for å redusere moglegheita for misbruk av kundedata.
Du finn meir informasjon om datainnbrotet på Telia sine nettsider: https://www.telia.no/hjelp/datainnbrudd/