Kva leitar du etter?

Tussa Installasjon avd Fosnavåg Stenersen Kleven Oterhals Frøystad Olsen Rebbestad Slettestøl
Idar Frøystad i front for Tussa Installasjon si satsing på maritim skipselektronikk. Etter mange år som einsleg aktør går han no inn i eit sterkt lag med brei kompetanse. Her saman med Roar Stenersen, Øyvind Kleven, Terje Oterhals, Stig Morten Olsen, Paul-Erik Rebbestad og Gunnar Slettestøl.

IF Elektro går inn i Tussa

04.12.2025

Styrkar kompetansen på maritim skipselektronikk.

Idar Frøystad, eigar av IF Elektro, går vidare til ny jobb i Tussa Installasjon. Med dette ønskjer han å vidareføre kompetansen i eit større fagmiljø og sikre at kundane får dei gode tenestene dei har vore vane med gjennom mange år.

– Eg har fylt 60 år og ser dette som ei god løysing for framtida. Kundane mine får framleis lokal oppfølging, og vi får styrkt fagmiljøet gjennom Tussa Installasjon.
Idar Frøystad

Tussa Installasjon vil byggje opp ei ny avdeling innan maritim skipselektronikk i Fosnavåg. Målet er å levere tenester til den viktige maritime næringa i regionen, styrke lokalsamfunnet og utvikle kompetanse og arbeidsplassar på Mjølstadneset. 

Komplette maritime løysingar

– Dette er ei strategisk satsing for oss. Den maritime næringa er ein hjørnestein i lokalsamfunnet. Vi ønskjer å vere ein profesjonell og lokal samarbeidspartnar, der også maritim skipselektronikk er ei teneste vi kan tilby det lokale næringslivet, seier Roar Stenersen, adm. direktør i Tussa Installasjon. 

- Med Idar Frøystad og Proton Elektro med på laget styrkar vi kompetansen innan maritim skipselektronikk. Dette gjer oss i stand til å levere komplette løysingar som omfattar både installasjon og avansert elektronikk. Den strategiske plasseringa på Mjølstadneset, tett på skipsleia, gir oss svært gode føresetnader for å ivareta den maritime aktiviteten i servicemarknaden.