Kva leitar du etter?

Godt tertialresultat for Tussa

10.10.2023

Tussa hadde eit driftsresultat på 249,3 mill. kr og eit resultat før skatt på 176,4 andre tertial 2023. Dette er ein auke i driftsresultatet på 168,3 mill. kr samanlikna med same periode i fjor. Hovudårsaka til auken er høgare kraftpris og høgare pris på opphavsgarantiar som gir betre resultat innanfor kraftproduksjon.

Kraftpris og kraftproduksjon

Tussa sin kraftproduksjon var på 421,5 GWh ved utgangen av 2. tertial, som er om lag 96 prosent av normalproduksjonen for perioden. Det akkumulerte driftsresultatet for Tussa Energi var 142,2 mill. kr (16,6). Akkumulert snittpris per 31. august var 44,5 øre/kWh (19,4).

- Kraftprisen i NO3 har gjennom andre tertial vore fallande etter høge prisar dei to føregåande tertiala. Gjennom august vart det særs mykje regn sør for oss, og dette påvirka prisen også for NO3. Dei nedtappa gasslagera i Europa, som i fjor løfta kraftprisane også i Norden, er no godt oppfylte, og prisane på kontinentet er enn så lenge normaliserte. Den hydrologiske balansen i Norden ved tertialskiftet var pluss 8 TWh, og har stige mykje etter dette. Prisutsiktene for NO3 for siste tertial er svake, seier Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa.

Internett til private og bedrifter

Driftsresultatet for Tussa IKT var 26,8 mill. kr. (30,2). Forretningsområdet kommunikasjon hadde ved utgangen av tertialet ein auke i ekstern omsetning på 6,4 mill. kr, noko som utgjer 6,1 prosent vekst frå same tid i 2022. Produktområda internett til private og bedrifter står for det meste av auken.

Forretningsområdet IT hadde ein auke i den eksterne omsetninga på 3,2 mill. kr samanlikna med 2. tertial 2022. Dette gir ein vekst på 4,9 prosent. Hovudårsaka til dette er auke innanfor IT-avtalar og konsulenttenester. Omsetninga av handelsvare har gått ned samanlikna med same periode i 2022.

Vekst for installasjon

Driftsresultatet for Tussa Installasjon er 7,2 mill. kr (1,3). Ved utgangen av tertialet hadde forretningsområdet ei omsetning på 121,5 mill. kr (121,0).

I marknadsområda som er knytt til større byggjeprosjekt er konkurransesituasjonen hard. Innanfor servicemarknaden er det stor aktivitet, både mot næringskundar og privatkundar, og det er forventa god aktivitet ut året. Selskapet har lukkast med å signere fleire større prosjekt for levering i 2023/24.

Kraftprisane framover

Den gjennomsnittlege kraftprisen på NordPool per 2. tertial var 44,5 øre/kWh. Utsiktene for dei 4 siste månadene av året er rundt 20 øre/kWh (prisen i september var om lag 10 øre/kWh).

- Det er likevel svært usikkert kva prisane kjem til å verte. Vert det mykje lågtrykk, med vind og nedbør, kan prisane verte endå lågare. Om det vert høgtrykk, med lite vind og nedbør, kan prisane verte vesentleg høgare, seier Dybdal.