Kva leitar du etter?

Godt 1. tertial for Tussa

14.06.2023

Tussa har ei auke i driftsresultatet på 93,0 mill. kr samanlikna med tilsvarande periode i 2022. Hovudårsaka til auken er høgare kraftpris og høgare pris på opphavsgarantiar som gir betre resultat innanfor kraftproduksjon.

Rekneskapen for 1. tertial 2023 syner eit driftsresultat på 167,3 mill. kr (74,3) og eit resultat før skatt på 116,6 mill. kr (69,7). Omsetninga vart 487,1 mill. kr (353,9), totalkapitalen er 4 330,7 mill. kr (3 834,5) og eigenkapitalprosenten er 33,6 % (35,2). Netto finanspostar syner eit resultat på -50,7 mill. kr (-4,6). Tilsvarande tal for 1. tertial 2022 står i parentes.

Det er estimert 22 % skatt av selskapsresultata ved utgangen av tertialet. I tillegg er det estimert 35,4 mill. kr (13,0) i grunnrenteskatt og 1,5 mill. kr i høgprisbidrag. Skattekostnaden er 54 % av konsernresultatet før skatt, mot 41 % i 2022. Resultat etter skatt er 54,1 mill. kr, som er 12,7 mill. kr høgare enn ved 1. tertial 2022.

Kraftproduksjon

Driftsresultatet for kraftproduksjon vart 105,2 mill. kr, som er 72,7 mill. kr betre enn same periode i 2022. Akkumulert kraftproduksjon vart 210,5 GWh (303,8 GWh). Produksjonen ved utgangen av tertialet var om lag 74 % av normalproduksjonen for perioden. Tilsiget hittil i år har vore 93 % av normalt. Ved utgangen av tertialet var magasinfyllinga i Tussa på 25 %, som er høgare enn normalen for årstida.

Auka etterspurnad og kundevekst innanfor IKT

Det har vore god utvikling og omsetningsvekst innanfor IT og kommunikasjon. Driftsresultatet vart 12 mill. kr i 1. tertial.

Vi opplever auka etterspurnad etter sky- og sikkerheitstenester, og skal difor tilsetje fleire nye IT-medarbeidarar. Det har også vore godt sal av internett til bedrifter og hushaldningar, og omsetningsvekst også innanfor dette området. Så langt har Tussa levert fiber til 15 289 hushald og 1 080 bedrifter.

Forventningar for installasjon

Omsetninga for 1. tertial vart 62,6 mill. kr, som er 2,6 mill. kr lågare enn same periode i 2022. Driftsresultatet vart 3,5 mill. kr (0,1). Tussa Installasjon har god tilgang på serviceoppdrag både i privat-og næringsmarknaden. Basert på røynsler er resultatskapinga større i andre halvår enn i første, og det er forventa god aktivitet også mot slutten av året. Det er signert fleire større kontraktar som skal ferdigstillast i 2023.

Utsikter for 2023

Den gjennomsnittlege kraftprisen på NordPool per utgangen av 1. tertial har vore knappe 63 øre/kWh, noko som er vesentleg høgare enn på tilsvarande tid i fjor. For andre tertial forventar vi noko høgare prisar enn i fjor, medan det for tredje tertial er forventa lågare prisar enn i fjor. Basert på marknadsprisar i mai, er det likevel forventa at ved slutten av året vil resultatet frå kraftproduksjonen vere noko høgare enn fjoråret. Prisane observert i marknaden er svært usikre. Det har til dømes i mai vore store prisendringar over kort tid, med fleire dagar med negative prisar. I sum er det forventa høgare resultat frå kraftproduksjon i år enn i fjor. Også for nettområdet er det forventa høgare resultat enn i fjor. For dei andre forretningsområda er det i sum forventa resultat som er litt lågare enn fjoråret. I sum for konsernet er det forventa høgare resultat enn i 2022.