

Framheim på Åheim får nytt liv med støtte frå Tussa
Ungdomshuset på Åheim frå 1926 er eit av landet sine best bevarte ungdomshus. No står huset midt i ei omfattande renovering. Nytt tak, veggar og vindauge skal både ta vare på fordums prakt og auke energieffektiviteten. Prosjektet er til glede både for miljøet og lokalsamfunnet, og midt i blinken å støtte for Tussa berekraftsfond.
Henrik Rodt, berekraftstrainee i Tussa, stod for overrekkinga av gåvesjekken på 40 000 kroner og møtte Johan Endal Duestøl, Celine Constance Endal og Stig Arne Lillebø frå UL Fram. Ungdomslaget har over 100 medlemer i alle aldrar og tilbyr ei rekkje fritidsaktivitetar, som teater og revy, bygdedans, marknad, Åheimsdagar, adventsfest, barnekor og ungdomsband.
Ein fellesnemnar for desse aktivitetane er at dei finn stad midt i sentrum av Åheim, på ungdomshuset Framheim som vart bygt i 1926. For at bygda skal halde fram med å få glede av aktivitetstilboda, er det heilt naudsynt med oppgradering. Heile huset blir renovert utvendig til dagens standard, samstundes som stilen og den gamle arkitekturen blir tatt vare på. Ifølgje Noregs Ungdomslag er huset eitt av dei best bevarte ungdomshusa i landet.
Renoveringa er i gang, med innkjøp av to nye varmepumper og utskifting av tak og veggar. Nye vindauge, ny kledning og vindtett duk er også naudsynt.
Varmetap og overforbruk av straum har vore ein konsekvens av å drifte eit så gammalt bygg, men når renoveringa er ferdig, vil energieffektiviteten verte mykje betre. UL Fram tek ansvar og fremjar ein berekraftig praksis, og det ønskjer Tussa å støtte.
Mottakarar av Tussa berekraftsfond i 2025
I 2025 fekk desse laga og organisasjonane støtte gjennom Tussa berekraftsfond:
- Brandal Velforening i Hareid:
Installere varmepumpe, oppgradering av elektrisk anlegg, lys og stikkontaktar for å gjere Pakkhuset tryggare og betre eigna til arrangement. - Fairtrade Volda og Ørsta:
Lokale aktivitetar i samband med nasjonal kampanjeveke (13.–19. oktober 2025) for å fremje rettferdig handel, med særlege aktivitetar for barn og unge. - Gjerdsvika IL i Sande:
Oppgradere sikringsskap og skifte ut gamle lyskjelder til LED i klubbhuset, for tryggleik, miljø og betre lys. - Kvamsøy IL i Sande kommune:
Gå frå fossil traktorklippar til elektrisk robotklippar for vedlikehald av fotballbanen, slik at barn og unge har ein møtestad for aktivitet. - UL Fram på Åheim i Vanylven:
Renovering av ungdomshuset frå 1926 med ny kledning, vindu og isolasjon. Dette sparar straum og bevarer eit av landets best bevarte ungdomshus. - Søstrene Mel i Hornindal i Volda:
Ny produksjon av utespelet Søstrene Mel og sjøormen. Familieframsyning som handlar om klima, miljø, kultur og identitet, der profesjonelle og frivillige samarbeider.