Kva leitar du etter?

20260611 154406
For grunneigar Johan Skår markerer opninga slutten på ein kamp som har vart i 18 år.

Flaggdag på Skår då kraftverket endeleg kom i drift

15.06.2026

Det var ein stor dag i den veglause bygda Skår torsdag, då Skårelva kraftverk vart offisielt opna. For grunneigar Johan Skår markerte dagen slutten på ein lang kamp for straum, ferjetilkomst og framtidstru i ei lita bygd.

Det var tidlegare Ørsta-ordførar Stein Aam som stod for den offiselle opninga og trykte på knappen då kraftverket vart sett i drift. Til stades var også grunneigarar, leverandørar, entreprenørar og medarbeidarar i Tussa. 

Trong fødsel

Minikraftverket på Skår har hatt ein uvanleg trong fødsel. Arbeidet starta alt i 2008, då Tussa tok til med å dokumentere vassføringa i elva. Året etter utarbeidde studentar ved NTNU eit forslag til konsesjonssøknad som bacheloroppgåve. Sidan har prosjektet vore gjennom fleire rundar med utgreiingar, omarbeidingar og nye vurderingar.

I 2014 sa NVE nei til prosjektet, som del av ei samla handsaming av småkraftsaker i Ørsta. Avslaget vart klaga inn, men saka fekk avslag også i olje- og energidepartementet i 2016. Då  trudde Tussa ei stund at saka var avgjort.

Då tenkte vi at dette var game over.
Kraftverkssjef Terje Myklebust
20260611 154219
20260611 162211
20260611 162853
20260611 162114

Han fortel at avslaga handla mellom anna om landskap og naturinngrep i Hjørundfjorden. Samstundes peika grunneigarane og Ørsta kommune på behova bygda hadde for tryggare straumforsyning og ferjetilkomst. Det stod om framtida til Skår.

- For oss i Tussa har det vore viktig å finne ei løysing som tek vare på landskapet og inntrykksstyrken til fossen, samstundes som Skår får betre grunnlag for vidare aktivitet og busetnad. Difor vart inntaket lagt under fossen, slik at fossen ikkje er påverka av utbygginga, seier Myklebust.  

Vendepunktet

Vendepunktet kom då regelverket vart endra frå 1. januar 2018. Då fekk kommunane mynde til å gi konsesjon til vasskraftverk på inntil 1 MW installert effekt. Det opna ei ny dør for prosjektet på Skår. 

Stein Aam var raskt på bana og bodskapen hans var klar. No hadde Tussa berre med å kvesse blyanten og lage ein ny konsesjonssøknad. 

- Vi reiste ein delegasjon frå Tussa og Ørsta kommune til Oslo for å møte NVE. Der fekk vi eit viktig signal om at minikraftverk måtte vurderast annleis enn det tidlegare småkraftprosjektet, fortel Myklebust.  

I juli 2020 sendte Tussa søknaden til Ørsta kommune. Etter synfaring og høyring gav kommunen i 2022 konsesjon til eit minikraftverk med installert effekt på 0,99 MW.  

20260611 1614122
Kraftverkssjef Terje Myklebust og Stein Aam fortel om opp- og nedturar i arbeidet med å få kraftverk på Skår.

Frå papir til praksis

Deretter gjekk prosjektet frå papir til praksis. I 2023 kom detaljplanlegging og arbeidet med ny sjøkabel frå Urke til Skår. I 2024 starta arbeidet med røyrgata, og i 2025 heldt betongarbeidet fram. 

Det har også vore humpar i vegen undervegs. Eit av dei største tilbakeslaga kom sommaren 2025, då ferjekaia vart stengd på grunn av rust. Dette forseinka prosjektet med fleire månader. 

11. juni 2026 vart kraftverket offisielt sett i drift, og med det har bygda fått ei langt meir robust straumforsyning. 

Grunneigar Johan Skår skildar kvardagen før utbygginga med glimt i auget: 

- Det var jo litt flaut å måtte ringje til naboen og be han skru av TV-en fordi eg skulle steikje vaflar. 

Liv i Hjørundfjorden

For Skår handlar kraftverket om vilkår for å halde fram med å bu i bygda. Under opninga peika Stein Aam på utviklinga som har vore i Hjørundfjorden dei siste åra, og korleis aktivitet i bygdene er med på å styrkje kommunen som heilskap.

– Berre sjå no, på Hotell Union på Øye, på kraftverka i bygdene Trandal, Urke, Viddal, Bjørke og no på Skår, og all aktiviteten som er skapt. Det har vore ei suksesshistorie, og eg vil takke alle som har bidrege, sa Aam.

Inntak 3
Inntaket til Skårelva kraftverk ligg nedanfor fossen, slik at fossen ikkje er påverka av utbygginga.

Det står framleis att noko arbeid med å stelle til rundt kraftstasjonen og inntaket. 

Samarbeidspartnarar i prosjektet: 

  • Slyngstad Aamlid Arkitekter
  • Ose AS
  • B&E Partner
  • Åmdal Maskin
  • Energiteknikk
  • Aas Jakobsen
  • Torvik Reparasjon AS
  • Grunneigarar
  • Skårabakkane AS
  • Ørsta kommune