Kva leitar du etter?

BD 0973
Tussa var i beredskap før ekstremveret Gyda, og opplevde ikkje større feil i fibernettet.

Feilfritt under ekstremveret

17.01.2022

Då ser dei siste dagane med regn og vind ut til å ha roa seg for denne gong, og vi er glade for å kome ut av ekstremveret utan store feil i fibernettet.

- Ingen støre hendingar som førte til brot i internettleveransen, konkluderer Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT. – Det var to-tre enkeltkundar som mista internett, då som følgje av trefall og ein velta stolpe. Desse kundane vart handtert fortløpande.

Tussa har no 15 600 fiberkundar, der 1000 er bedriftskundar. 70 prosent av det 2 500 km lange fibernettet er grave ned, noko som gjer nettet robust og godt beskytta mot ver og vind.