Kva leitar du etter?

Tv 2 play collage

Få TV 2 Play heilt utan ekstra kostnad

30.05.2022

No finn du strøymetenesten TV 2 Play i valmenyen, heilt utan ekstra kostnad. Her får du eit stort utval filmar, seriar og underhaldning, i tillegg til eksklusivt innhald frå TV 2. Alt du treng å gjere er å registrere deg på TV 2 Play via Valmenyen.

I Valmenyen har du tilgang til to TV 2 Play-pakkar, og kor mange poeng du må bruke avhenger av om du vel med eller utan reklame.

Med TV 2 Play Start får du tilgang til tusenvis av filmar og seriar frå TV 2 sitt underhaldningsunivers, inkludert mengder av norsk kvalitetsinnhald. Med TV 2 Play Standard får du i tillegg tilgang til Disney+ og alt TV 2 har å by på innan handball, ishockey, tennis, sykling, sjakk og vintersport, samt eit utval basket- og volleyballkampar. 

Slik får du TV 2 Play i TV-pakken

TV

Treng du fleire TV-poeng?

Viss du treng litt fleire TV-poeng å rutte med, slik at du kan ha både TV 2 Play og ein annan strøymeteneste samstundes, så kan du kjøpe ekstra.

10 ekstra poeng kostar 25 kr/md., og det er sjølvsagt inga bindingstid.