Tussa etablerer kontor på Åndalsnes
Tussa fortset veksten innanfor IT-tenester og etablerer kontor på Åndalsnes. Fem medarbeidarar er tilsett ved kontoret.
Tussa har det siste året styrka satsinga på IT-tenester til næringslivet, og er i dag totalleverandør som leverer IT-tenester både frå eige datasenter og frå Microsoft Azure. Tussa har i dag kontor i Ørsta, Ålesund, Ulsteinvik, Fosnavåg og Stryn.
EMP Secure har nyleg lagt ned IT-avdelinga si på Åndalsnes. Det førte til at fem personar sto utan arbeid, og at næringslivet mista IT-leverandøren sin. Dei fem personane har no fått arbeid i Tussa, og dette gir Tussa eit godt utgangspunkt for satsinga på Åndalsnes.
Solid omsettingsvekst
2022 har vore eit spennande år for Tussa med god vekst innanfor IT-tenester.
- Vi har auka omsettinga og tilsett mange nye medarbeidarar i løpet av året. Veksten er knytt til både IT-avtalar, konsulenttenester og handelsvare. Målet vårt er å vere ein leiande leverandør av IT-tenester og satsinga vi no gjer gir rom for vidare vekst, seier Driveklepp.
Tussa leverer komplette og fleksible bedriftsløysingar basert på nettskya Microsoft Azure, IT-tenester frå eige datasenter, IT-sikkerheitstenester og ein profesjonell servicedesk.