Kva leitar du etter?

Shutterstock 1060327256

Er bedrifta di sikra mot cyberangrep i sommar?

06.07.2022

Sommarferien er tida for å logge av og lade batteria. Samtidig er det høgsesong for cyberangrep. Låg bemanning og mange feriereisande gjer norske bedrifter til attraktive mål for kriminelle i sommarmånadane.

Har ferievikaren fått opplæring?

Ferievikarar er eit ynda mål for svindlarar. Dei utgir seg gjerne for å vere seriøse aktørar, og prøvar å få brukaren til å klikke, svare på e-post eller overføre pengar. Slike svindelforsøk kallar vi phishing, og eit hovudtrekk er at svindlaren prøvar å «fiske» ut personopplysningar. Dersom vikaren ikkje kjenner godt til dei interne rutinane, vil dei kanskje ikkje merke at noko skurrar, eller vite kven dei skal kontakte om uhellet er ute.

>> Slik kan du unngå e-postsvindel

Færre personar på jobb kan òg bety at kriminelle får boltre seg i interne system i lengre tid før eit sikkerheitsbrot blir oppdaga. Ofte kan det gå månader før eit angrep blir oppdaga, som gjer det vanskelegare å avgrense skadeomfanget.

Gode sikkerheitsrutinar – også utanfor kontoret

Kva skjer om mobilen blir stolen frå solsenga, eller barna mistar nettbrettet i bassenget? Konsekvensane kan bli store dersom sensitiv informasjon kjem på avvegar, eller bedrifta mistar viktig data.

>> Slik sikrar du bedrifta di mot cyberangrep

Har bedrifta di reglar for bruk av å ta med IT-utstyr på ferie? Og har du kontroll på backup-rutinar og tilgangsstyring? Gode system og rutinar for IT-sikkerheit kan redusere risikoen for tap av store verdiar.

Sikkerheitstips for sommarferien

Det viktigste er at medarbeidarane har kjennskap til risikoen for cyberangrep og beredskapsrutinane til bedrifta. Slik kan bedrifta førebyggje cyberangrep og raskt avgrense skadeomfanget dersom uhellet er ute.

  • Eit godt råd er å ikkje leggje PC-en din synleg i bilen eller gå frå mobilen på solsenga.
  • Bruke FaceID eller fingeravtrykk i staden for kode på mobilen. Ein tjuv kan sjå deg over skuldra før han slår til.
  • Pass på at all programvare er oppdatert. Du bør ikkje ignorere varsel om oppdateringar sjølv om du er på ferie. Dette kan vere potensielle inngangar for cyberkriminelle.
  • Ta sikkerheitskopi av data du ikkje kan miste. Slik unngår du at bedriftskritisk informasjon går tapt.
  • Aktiver tofaktorautentisering for kontoar og tenester. Dette gjer det vanskelegare å få tak i informasjon som er lagra på eininga dersom den kjem på avvegar.
  • Unngå å kople til opne, usikra nettverk. Mobildata kan vere eit godt alternativ, men pass på datakostnadene, som kan bli høge ved bruk i utlandet.
  • Ta i bruk ei VPN-løysing som beskyttar tilkoplinga til internett. Slik sikrar du at informasjon blir sendt kryptert.
  • Ver kritisk til vedlegg og lenkjer i e-post og i sosiale medium. Les gjerne artikkelen vår om korleis du unngår svindel i e-post og sosiale medium.

Med dette ønskjer vi deg ein sikker og solfylt sommar!

IT-tenester

Sikkert, stabilt og sytalaust

Vi utfordrar oss sjølv heile tida for å gje deg den beste IT-løysinga.