Kva leitar du etter?

Endringar i TV-pakken i august

18.08.2022

C More blir TV 2 Play

31. august blir C More slått saman med TV 2 Play. Alt det gode innhaldet du kjenner frå C More blir framleis tilgjengeleg i Telia Play, men du må registrere ein brukar hos TV 2 Play. Du kan sjølv velje om du vil aktivere TV 2 Play Basis med reklame, eller om du vil velje inn TV 2 Play Film og serier utan reklame for 20 poeng i Valmenyen. Du kan lese meir og registrere deg her.

Frå V4 til TV3+

31. august endrar TV-kanalen V4 namn til TV3+. Kundar med TV frå Telia får tilgang til ein Premier League-kamp i veka på TV3+.

SF Kids inngår i TV-pakken din

Frå 6. september blir SF Kids ein del av den faste TV-pakken din. Det betyr at TV-poenga du til no har brukt på SF Kids blir frigjort, og kan bruke på nytt og spennande innhald i Valmenyen.

Cirkus blir avvikla

Strøymetenesten Cirkus blir avvikla frå 15. september, og vil forsvinne frå Telia Play. TV-poenga du har brukt på denne tenesten blir frigjort, og du kan bruke desse til nytt og spennande innhald i Valmenyen.