Kva leitar du etter?

Elling Dybdal Tussa datasenter

Elling Dybdal sluttar som konsernsjef i Tussa

18.10.2023

Etter over 30 år som konsernsjef i Tussa har Elling Dybdal (68) gitt styret i Tussa Kraft melding om at han ønskjer å gå av med pensjon. Styret startar no rekruttering etter ny konsernsjef i Tussa.

Dybdal starta som konsernsjef i Tussa i 1993. I denne perioden har konsernet utvikla seg frå 45 til 250 medarbeidarar. Forretningsområda har òg utvikla seg, frå kraftproduksjon og nettverksemd, til telekom og fiber, IT og installasjon. I tillegg har Tussa viktige strategiske eigarposisjonar i Linja, Wattn og Istad.

Gjevande arbeid

Elling Dybdal seier det har vore eit gjevande arbeid å vere med på å utvikle Tussa til det selskapet det er i dag.

- Eg har hatt stor glede av å jobbe med alle dei dyktige medarbeidarane i Tussa. Det er deira innsats som har gjort at selskapet har vorte så vellukka, og eg er stolt av det vi har oppnådd saman. Eg vil spesielt trekkje fram det kollegiale miljøet i Tussa. Det har vore utruleg kjekt å samarbeide med så mange kunnskapsrike og engasjerte menneske. Eg har gledd meg til å gå på jobb kvar einaste dag i desse vel 30 åra, seier han.

Framtidsretta

Tussa sin visjon er å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Dybdal ser mange høve for selskapet til vidare utvikling, og er trygg på at Tussa vil gripe sjansane og halde fram med å vere utviklingsorientert.

- Tilpassing og utvikling må halde fram for at Tussa skal vere livskraftig. Eg ønskjer Tussa lukke til med framtida.