Kva leitar du etter?

Eivind Overå
Eivind Overå er klar for NM 15. til 18. april

Eivind Overå kvalifisert for elektrikar-NM

12.04.2024

Eivind Overå i Tussa Installasjon har kvalifisert seg til NM i elektrofag i telekommunikasjonsmontørfaget. Eivind har fagbrev som automatikar, og er no lærling i Tussa Installasjon for å ta fagbrev som elektrikar. Han har gjennom læretida vist stor evne til å utvikle seg innan elektrofaget.

Etter å ha gått gjennom to krevjande uttaksrundar har Eivind Overå blitt valt ut som ein av fire dyktige kandidatar i telekommunikasjonsmontørfaget. Frå 15. til 18. april vil han konkurrere i NM, som vert arrangert i Oslo.

Konkurransen består av ei praktisk øving med tre modular. Arbeidet vil bli vurdert av tre profesjonelle dommarar med erfaring frå prøvenemnd, tidlegare NM-finalar og internasjonale meisterskap som World Skills Competition (WSC).

Vi er særs stolte over å ha ein deltakar i NM og har stor tru på at han vil gjere det godt i konkurransen. Deltakinga i NM er eit prov på målretta arbeid og engasjement for faget. Vi ønskjer han lukke til i konkurransen og ser fram til å følgje han.
Roar Stenersen, adm. direktør i Tussa Installasjon

Tredje deltakar frå Tussa

Dette er tredje gongen Tussa Installasjon har deltakarar i NM i elektrofag. I 2018 gjekk Jørgen Andreas Mo heilt til topps og vann NM. I 2022 deltok Tor-Inge Ulstein, og han kom på 4. plass.

Vinnaren av NM går vidare til VM, World Skills Competition, som vil finne stad frå 10. til 15. september 2024 i Lyon, Frankrike.