Kva leitar du etter?

Summer Games Banner2

Ein sommar full av gaming i Volda

16.06.2022

Volda E-sport arrangerer Summer Games for tredje år på rad. Her kan barn og unge kome innom og spele gjennom sommaren, heilt gratis.

Gjennom heile sommaren arrangerer Volda E-sport gaming-aktivitetar på samfunnshuset i Volda. Her kan barn og unge som er interessert i dataspel eller e-sport kome innom og spele på gaming-maskiner og spelkonsollar (barn under 8 år må ha med ein føresett). Tilbodet er gratis og ope for alle. Det er to gaming-vertar tilstades heile tida for å hjelpe deg i gang og ta ein prat om speling og e-sport.

For å realisere Summer Games samarbeider Volda E-sport med Ung i Volda, Sommarprogrammet for barnefamiliar i Volda, Sparebanken Møre og Tussa.

Ifølgje Volda E-sport er dette eit tilbod til dei som sit aleine og spelar, men som ønskjer å verte del av eit fellesskap. Å skape ein møteplass for likesinna, der ein kan verte kjend med andre i nærområdet og knyte band og kose seg med gaming som aktivitet, både som hobby og som e-sport.

Turneringar og konkurransar

For dei som ønskjer ei utfordring blir det konkurransar kvar laurdag i forskjellige spel, som FIFA 22, Fortnite, Rocket League og Super Smash Bros. For dei tre beste i kvar konkurranse ventar både ære og premiar.

Med mindre restriksjonar i år ser arrangøren fram til å kunne få med enda fleire, og oppmodar alle til å stikke innom i løpet av sommaren og sjå kva dei driv med, og kva Volda E-sport er!

Summer Games held ope fire dagar i veka, frå tysdag 28. juni til 6. august.

Tussa er stolt sponsor av Volda E-sport. Vi sponsar internett og lånar ut gaming-maskiner til Volda E-sport i samband med Summer Games. Tussa sponsar over 150 lokale lag og organisasjonar som tilbyr aktivitetar for barn og ungdom på søre Sunnmøre.

Du kan lese meir om arrangementet på Volda E-sport sine nettsider.