Kva leitar du etter?

BD 0226
Ivar Driveklepp, adm. dir. i Tussa IKT

Ein IT-driftspartnar for framtida

05.09.2022

I kjølvatnet av pandemien er digitalisering, innovasjon og samhandling stadig viktigare for norske bedrifter. Det stiller store krav til skalerbare, stabile og sikre IT-løysingar. Difor satsar Tussa IKT på Azure-tenester i tillegg til vårt eige datasenter.

Kundar stiller større krav til oppetid, og bedrifter må snu seg raskare for å møte kundane sine behov. For mange er dette drivaren for å ta i bruk skyløysingar, men for å kome dit treng ein smidige og skalerbare IT-løysingar med høg yting.

Skyløysingar frå Azure er viktig for bedrifter som er inne i ein digitaliseringsprosess, men det viktigaste er å tilby ei løysing som passar for kunden. Konsulentane og rådgjevarane våre har lang erfaring i å avdekke kunden sine behov og foreslå den beste løysinga for den enkelte bedrifta. Kva applikasjonar bedrifta nyttar, kostnader, personvern og ulike regulatoriske krav er faktorar som påverkar om skytenester er rett for kvar enkelt bedrift. Ofte er svaret ein kombinasjon av løysingar levert frå Azure og vårt datasenter.

Sikkerheit, kostnadskontroll og support

Datakraft i skya gir bedrifta ein fleksibilitet som opnar for digitalisering, produktutvikling og innovasjon. Samtidig blir løysinga meir kompleks, og bedrifta står overfor nye problemstillingar knytt til sikkerheit, kostnadskontroll og support.

Microsoft Azure består av over 200 produkt og tenester, og det er fort gjort å miste kontrollen over løpande kostnader for dei ulike tenestene. I tillegg ser vi ei stor auke i cyberangrep dei siste åra. Difor er det viktig å ha med ein driftspartnar på laget som hindrar uføresette kostnader eller at informasjonsverdiar kjem på avvegar.

Det er stor etterspurnad etter ein kombinasjon av skytenester og tenester levert frå lokalt datasenter. Då er det ein fordel å halde seg til ein leverandør, som har full oversikt over løysingane og kan gje god support uavhengig om løysingane blir levert frå lokalt datasenter eller frå Azure.

Tussa IKT tilbyr ein fleksibel totalpakke som består av Azure, vårt eige datasenter, sikkerheitstenester, nettverkstenester og ein profesjonell servicedesk. Saman utviklar vi gode og framtidsretta IT-tenester som møter behova dine i framtida.

Tussa IKT har over 85 tilsette og leverer IT- og kommunikasjonstenester til privat- og bedriftsmarknaden. Vi har ei eiga sikkerheitsavdeling, solid driftskompetanse og ein erfaren servicedesk. Vi leverer IT-tenester til over 250 bedrifter, og omsette for totalt 240 millionar i 2021.