Kva leitar du etter?

Lysloypa2025 medium txt 1920x1080

Bli med på Tussa sin adventskalender

24.11.2025

I adventskalenderen blir du med på ei reise der vi følgjer lyset gjennom bygdene våre: Frå krafta som blir skapt i dei 29 kraftverka våre, til elektrikaren som fører lyset inn i heimen, og Tussafiberen som med lyset si hastigheit knyter bygda til verda.

I desember inviterer vi alle til å opne lukene i adventskalenderen vår. Kalenderen inneheld varierte spørsmål, rebusar og små ordkrøll som skal underhalde, utfordre og skape litt ekstra førjulstemning. Vanskegrada varierer frå dag til dag, men målet er at alle skal oppleve det som kjekt og overkomeleg å delta. 

Ei lysløype gjennom Tussaland

Kalenderen tek deg med i ei digital lysløpe gjennom Tussa sine viktigaste område. Langs sporet får du lære litt meir om lokalområdet vårt og bli betre kjent med Tussa. 

På turen får bryne deg på alt frå: 

  • Hven er eigentleg Sirkelsag?
  • Kor godt kjenner du til fotballtalenta i Sykkylven?
  • Kva gjer Dag Otto Lauritzen i Tussa sin kalender?
  • Og ikkje minst: Kva i all verda betyr «Røbetjai»?

Svara får du i desember!
Eit lite tips er å friske opp dei regionale geografikunnskapane!

Daglege premiar og ein hovudpremie 

Kvar dag trekkjer vi ein vinnar blant dei som deltek og svarar rett. I tillegg er alle som deltek i kalenderen med i trekninga av ein hovudpremie. Jo fleire luker du opnar og svarar på, jo større vinnarsjanse får du.   

Følg med på Facebook, Instagram og Tussa.no

Julekalenderen vert publisert 1. desember. Lukene finn du på Tussa.no og i kanalane våre på Instagram og Facebook. 

Følg med! 

Vi ønskjer deg ei retteleg god førjulstid!

Opne dagens luke

I adventskalenderen blir du med på ei reise der vi følgjer lyset gjennom bygdene våre: Frå krafta som blir skapt i dei 29 kraftverka våre, til elektrikaren som fører lyset inn i heimen, og Tussafiberen som med lyset si hastigheit knyter bygda til verda.

24.11.2025