Auka beredskap før Gyda
Tussa førebur seg til ekstremveret Gyda, og har ekstra personell og ressursar i beredskap i tilfelle brot på fiberkablar eller IT-tenester.
Det er meldt store mengder regn og vind i Møre og Romsdal frå onsdag 12. januar. I Tussa er vi klar til å bemanne opp slik at eventuelle feil skal bli retta raskast råd. Vi har både permanente og flyttbare straumaggregat og batteribackupsystem, som vil bli brukt ved langvarige straumbrot for å sikre internettleveransen. Ved brot på fiberkablar kan andre tenester levert av Tussa bli påverka.
Driftsmeldingar
Skulle du miste internettet så kan du sjå oppdaterte driftsmeldingar og status for feilretting her: Driftsmeldingar
Hugs full omstart av teknisk utstyr
Dersom straumen har vore vekk hos deg, og du opplever problem med teknisk utstyr og internett etterpå, kan ein full omstart av ustyret løyse problemet. Det vil si at du koplar straumen heilt ifrå, og så koplar til att utstyr som modem, trådlausruter, TV-boks med meir.