Kva leitar du etter?

BD 0219
Tussa Installasjon har lukkast med å signere fleire større prosjekt for levering i 2023

Resultat for Tussa per 2. tertial 2022

10.10.2022

Rekneskapen pr. 2. tertial 2022 syner eit driftsresultat på 81 mill. kr (130) og eit resultat før skatt på 56 mill. kr (117). Omsetninga vart 606 mill. kr (618), totalkapitalen er 3 804 mill. kr (3 669) og eigenkapitalprosenten er 35,1 prosent (36,8). Netto finans syner eit resultat på -25 mill. kr (-14). Tilsvarande tal for 2. tertial 2021 står i parentes.

Konsernet har ein reduksjon i driftsresultatet på 49 mill. kr samanlikna med tilsvarande periode i 2021. Hovudårsaka til reduksjonen i driftsresultatet er lågare kraftpris som gir svakare resultat innanfor kraftproduksjonen. Nettverksemda og forretningsområdet IKT viser positiv resultatutvikling samanlikna med same periode i 2021, medan installasjonsverksemda har ei svak negativ resultatutvikling.

Netto finans viser -25 mill. kr for konsernet ved utgangen av tertialet. Dette er 11 mill. kr svakare enn på same tidspunkt i fjor. Hovudårsaka til reduksjonen er auke i rentekostnader som følgje av auka rentenivå og auka gjeld. Andre faktorar som verkar inn er urealisert effekt av kursendring på eurolån og endring i marknadsverdi på euroNOK rentebyteavtale. I tillegg har det vore gjort ei nedskriving av finansielt anleggsmiddel.

Skattekostnaden er estimert til 29 mill. kr (49). Det er her estimert 12 mill. kr (25) overskotsskatt, og grunnrenteskatt med 17 mill. kr (24). Skattekostnaden utgjer om lag 52 prosent av konsernresultatet (42). Resultatet etter skatt er 27 mill. kr, som er 41 mill. kr svakare enn ved 2. tertial 2021.

Investeringar i varige driftsmiddel er på om lag 179 mill. kr (146), i hovudsak fordelt på nett med 77 mill. kr, IKT med 72 mill. kr, kraftproduksjon med 15 mill. kr og installasjon med 14 mill. kr.

Totalkapitalen er 135 mill. kr høgare enn på same tidspunkt i fjor. Auken kjem i hovudsak av at investeringane har vore høgare enn avskrivingane i perioden.

10
Åmela kraftverk i Volda kommune

Energi

Kraftproduksjon

Akkumulert driftsresultat for kraftproduksjon er 16,6 mill. kr pr. 2. tertial (73,6).

Akkumulert kraftproduksjon er på 575 GWh (449). Produksjonen ved utgangen av tertialet er om lag 131 prosent av normalproduksjonen for perioden. Tilsiget hittil i år har vore 130 prosent (80) av normalen. Akkumulert snittpris per 31. august var 19,4 øre/kWh (40,3).

Gjennom andre tertial har den europeiske og den nordiske kraftmarknaden løfta seg. Norden er likevel delt i eit sørområde og eit nordområde. Tussa og NO3 ligg på nordsida. Kraftmarknaden fyller nyheitsbiletet, men det er då dei ekstreme prisane i sørområdet som er i fokus. Aldri før har den nordiske kraftmarknaden vore delt på dette viset. Medan prisen på Sørlandet (NO2) i 2. tertial vart 2 kroner og 63 øre, var kraftprisen i Midt-Noreg berre 12 øre. Dei viktigaste årsakene til prisutviklinga i sør er krigen i Ukraina og manglande gasslevering frå Russland. Dei låge kraftprisane i nord skuldast hovudsakleg at linjenettet mot sør ikkje har kapasitet til å transportere ut overskotskraft når det er mykje tilsig og vind.

Den hydrologiske balansen i Norden ved tertialskiftet er minus 15 TWh. I siste del av august og inn i september har spotprisen for NO3 vore sterkt stigande. NO3 er likevel del av det svakaste prisområdet i Europa, saman med Nord-Noreg og Nord-Sverige. Prisområda har eit strukturelt kraftoverskot og for svakt nett mot sør. Gjennom 2022 har det vorte heilt klart det vi såg i 2021; terminpriskontraktane på Nasdaq kan på ingen måte representere prisforventningane for NO3, og ei heller for dei andre prisregionane.

Det er opna vilkårsrevisjon for Åmela kraftverk og revisjonsdokumentet vart sendt inn i mai. Det har elles vore arbeidd mykje med planlegging av nytt kontroll- og apparatanlegg i Åmela, som har oppstart i februar 2023.

Arbeidet med ny vassveg for Sørbrandal kraftverk held fram. Når det gjeld den pålagde oppgraderinga av dammen i Børevatnet, er den tekniske planen for arbeidet sendt til NVE for godkjenning. Anleggsstart er planlagt i 2024.

Ny røyrgate for Nesset kraftverk vart ferdig i sommar, og no nærmar det seg for oppstart etter fem års stillstand.

I august fekk vi konsesjon av Ørsta kommune til bygging av Skår minikraftverk i Hjørundfjorden.

Kraftnett

Rekneskapen for Tussa sin eigardel i nettverksemda viser eit driftsresultat på 42,1 mill. kr (31,1). Driftsresultatet har ei positiv utvikling. Det er store endringar i tildelt inntektsramme, der auka rentenivå slår positivt ut både for Mørenett og bransjen.

Det har vore god utførande aktivitet i nettet, både når det gjeld drift, vedlikehald, ny- og reinvesteringar. Tussa sin del av investeringane i kraftnettet til Mørenett pr. 2. tertial er om lag 77 mill. kr (61). Det er mange prosjekt knytt til elektrifisering og det grøne skiftet, men også nett som må fornyast. I regionalt distribusjonsnett er det største prosjektet fornying av Giskemo transformatorstasjon. Det største prosjektet i distribusjonsnettet er ny 22 kV-linje på Nordsida i Stryn.


BD 0098
Tussa har no over 14 000 fiberkundar. Her er Erik Sunde i breibandspatruljen.

IKT

Driftsresultatet for IKT er 30,2 mill. kr (25,4) pr. 2. tertial.

Ved utgangen av tertialet var det fakturert fiber til 14 268 hushaldningar (13 106) og 996 bedrifter (900). Samla kundemasse over alle teknologiar er 14 791 hushaldningar (14 400) og 1 100 bedrifter (1 066).

Forretningsområdet kommunikasjon hadde ved utgangen av tertialet ein auke i ekstern omsetning på 9,7 mill. kr, noko som utgjer 10,4 prosent vekst frå same tid i 2021. Produktområda internett til private og bedrifter står for det meste av auken.

Ved utgangen av tertialet hadde forretningsområdet IT ein auke i den eksterne omsetninga på 8,3 mill. kr samanlikna med 2. tertial 2021. Dette gir ein vekst på 14,6 prosent. Hovudårsaka til dette er auke innanfor IT-avtalar, konsulenttenester og handelsvare.

Installasjon

Driftsresultatet for installasjon var 1,3 mill. kr (1,6) pr. 2. tertial. Ved utgangen av tertialet hadde forretnings- området ein auke i omsetninga på 12,2 mill. kr samanlikna med 2. tertial 2021.

I marknadsområda som er knytt til større byggjeprosjekt er konkurransesituasjonen framleis hard. Varekostnadene utviklar seg negativt, ettersom råvareprisane på kablar og materiell stig unormalt mykje, og dette påverkar driftsresultatet i 2022.

Innanfor servicemarknaden er det stor aktivitet, både mot næringskundar og privatkundar, og det er forventa høg aktivitet ut året. Det er også stor aktivitet knytt til fiberutbygginga for Tussa IKT. Selskapet har lukkast med å signere fleire større prosjekt for levering i 2023.


Utsikter for 2022

Den gjennomsnittlege kraftprisen på NordPool per 2. tertial er moderat, men det er utsikter til høgare prisar for dei fire siste månadene av året. Det er likevel svært usikkert kva prisane kjem til å verte. Vert det mykje lågtrykk, med vind og nedbør, vil det bli låge prisar. Gitt det som kan observerast i marknaden ultimo september, kan det forventast eit noko høgare driftsresultat frå kraftproduksjon enn i 2021. Samstundes forventar vi at dei andre forretningsområda også vil levere større driftsresultat enn i fjor.

Rentenivået er stigande og vi forventar større netto finanskostnad enn i fjor. I sum vert det forventa eit resultat etter skatt som er noko større enn i 2021.

Skatt

Den 28. september kom regjeringa med framlegg om auka skattar og avgifter på kraftproduksjon. Det som råkar Tussa er auke i grunnrenteskatten frå 37 prosent til 45 prosent, og at det skal betalast eit direkte høgprisbidrag på 23 prosent av timeinntekter for kraftprisar som overstig 70 øre/kWh. Vidare skal opphavsgarantiar som er produsert i grunnrenteverk skattleggjast som grunnrente.

Om dette framlegget til grunnrenteskatt varer evig, og med ei nøktern kraftprisprognose framover som har kraftprisar mellom 30 og 40 øre/kWh, vil verdien av den samla kraftporteføljen i Tussa verte redusert for eigarane med vel 7 prosent. For dei tre kraftverka som betalar grunnrenteskatt, vert verdireduksjonen om lag 15 prosent. Samla sett for Tussa sine aksjonærar representerer dette ein nedgang i aksjekursen på vel 5 prosent. Som det går fram av tertialrapporten har ikkje Tussa ekstraordinære høge inntekter så langt i 2022. Tussa blir råka av noko som er mynta på dei selskapa og eigarane som har verka sine sør om den store prisgrensa.