Kva leitar du etter?

211206 Tyrholm Farstad

Tyrholm & Farstad

Logistikkselskapet Tyrholm & Farstad har lagt heile IT-løysinga si hos Tussa IKT.

– Det er viktig at Tussa kjenner selskapet vårt, kva vi held på med og jobbar med, kva utfordringar vi har viss problem oppstår, og kva hjelp vi treng. Det får vi i stor grad når vi har velt Tussa, seier Jan Arve Hoseth, adm. direktør i Tyrholm & Farstad.

Tyrholm & Farstad tilbyr alle typar logistikkløysingar for næringslivet: til sjøs, i lufta, konteinartrafikk og biltrafikk. I hjartet av dette ligg terminalen i Skutvika, med fryselager, tørrlager, kjølelager og konteinarområde. Kundane til Tyrholm & Farstad har transportbehov til heile verda. Difor er dei avhengige av IT-løysingar med høg oppetid, og stiller store krav til sikkerheit.

– Vi har valt å leggje heile IT-løysinga vår hos Tussa. Det er ein fordel for oss å samle alt på ein stad, hjå ein leverandør, seier Hoseth.

Ta kontakt