Kjell Arne Sommerstad
Salssjef avd. Ålesund
Tussa IKT
– Det viktigste er at kundane sin data ikkje kjem på villspor, og at tenestene er tilgjengelege også utanfor kontortid.
BNP Paribas Leasing Solutions driv med leasing av utstyr og anleggsmaskiner. Totalt omset dei for 1,2 millardar kroner, og har ein eigenkapital på 270 millionar. Det viktigste for dei er at kundane sin data ikkje kjem på villspor, og at tenestene er tilgjengelege også utanfor kontortid.
– Tussa er viktig for oss på grunn av lokasjonen dei har. Dei kan kome til oss på kontoret og hjelpe oss. No har vi fått eit veldig godt samarbeid mellom Frankrike og Tussa, slik at dei kan fjernstyre PC-ane våre og hjelpe brukarane både on-site og remote. Det er eit veldig viktig punkt for oss å få avlasta IT-avdelinga vi har i BNP Paribas, seier Michelle Riise, IT-sjef i BNP Paribas Leasing Solutions.
Då dei vart kjøpt opp i 2018 blei Tussa IKT med på kjøpet, som måtte gjennom ein fullskala sikkerheitstest. Basert på utfallet av denne testen har vi bygd opp ein ny arkitektur med nye serverar, godkjent av BNP si IT-sikkerheitsavdeling.
Salssjef avd. Ålesund
Tussa IKT
Senior produktrådgjevar
Tussa IKT