Kva leitar du etter?

211206 Cantor

Cantor

– Har vi ikkje oppetid har vi heller ikkje produkt å tilby kundane.

Cantor tilbyr økonomistyring til små, mellomstore og store bedrifter, både lokalt og nasjonalt. Dei er avhengige av både oppetid og sikkerheit for å kunne tilby eit godt produkt til sine kundar.

– Vi har Tussa som IT-leverandør på grunn av at Tussa er lokale, men ikkje minst at dei har eit godt datasenter som vi ser på som eitt av dei beste i landet, seier Svein Roger Hoggen, seniorrådgjevar i Cantor.

Cantor nyttar skyløysinga til Tussa, der kundane deira loggar seg inn via ein Azure-portal, og vidare inn i Tussa sitt datasenter der dataen til kundane ligg. Cantor sine kundar har fleire behov. Konsernkundane har behov for å generere konsernrekneskap basert på ulik valuta og ulike system, årsoppgjerskundar har behov for å utarbeide skattepapir og offentleg rekneskap, og rekneskapsbyrå rapporterer via Cantor si løysing til sine kundar.

– Oppetid er naturlegvis viktig for oss. Har vi ikkje oppetid har vi heller ikkje produkt å tilby kundane. Det opplever vi at Tussa har levert.