Nettverksløysing til Tyrholm & Farstad
Tyrholm & Farstad har flytta til ny terminal på Flatholmen i Ålesund. For å sikre effektiv drift og høg sikkerheit, valde dei Tussa IKT som samarbeidspartnar for nettverk og IT-sikkerheit.
Den nye terminalen er ei strategisk satsing som skal auke effektiviteten og betre sørvisen til det lokale næringslivet. Eit viktig suksesskriterie for prosjektet var å sikre god wifi-dekning i dei nye hallane og rundt lasteområda. Når truckane lastar og lossar varer vert dei skanna direkte inn i system som er plassert i Tussa sitt datasenter, og ein er såleis avhengige av stabil tilkopling på heile anlegget.
Tidleg planlegging gir resultat
Store areal og avstandar, kombinert med låge temperaturar, flyttbare stålreolar og kontainerar fulle med varer som skal til og frå hamna i Ålesund, gjorde at god planlegging var viktig for å finne ei løysing som sikra stabil tilkopling. Vi har samarbeidd med kunden og entreprenør heilt frå starten av byggeprosessen for å sikre eit godt resultat, og nytta avanserte planleggingsverkty for å finne den beste plasseringa for aksesspunkt.
Teknologi og kompetanse i verdsklasse
Løysinga frå Tussa IKT er basert på produkt frå Fortinet, og er levert som ei teneste. Det betyr at vi tek ansvar for drift, overvaking og vedlikehald av heile løysinga, i tillegg til å ha reserveutstyr på lager lokalt, og kompetanse som kan bistå raskt ved behov.
Fortinet er ein global leverandør av nettverkssikkerheit, og Tussa IKT gir deg lokal kompetanse, rask respons og forståing av bedrifta sine behov.
Saman leverer vi løysingar som fungerer i kvardagen – med sikkerheit, stabilitet og service du kan stole på.
Tyrholm & Farstad tilbyr logistikkløysingar for næringslivet i Møre og Romsdal, frå ein topp moderne terminal på Flatholmen i Ålesund. Her finn ein fryselager, kjølelager, tørrlager og eit stort område for konteinerhandtering. Målet til Tyrholm & Farstad er å vere det naturlege logistikkvalet for kundane i regionen, og med Tussa IKT som partnar på nettverkstenester og IT-sikkerheit er Tyrholm & Farstad godt rusta til å møte utfordringane i transport- og logistikkbransjen.
– For oss er det viktig å ha ein IT-partnar som kjenner oss og behova vi har.
Tor Knutsen, dagleg leiar i Tyrholm & Farstad