Kva leitar du etter?

Hybrid cloud

Fleirsky

Saum­laus flyt mel­lom Azure, våre regionale datasen­ter og ditt eige driftsmiljø.

Med ei hybrid skyløysing integrerer du saumlaust fleksibiliteten og datakrafta frå Microsoft Azure med våre moderne datasenter og din eksisterande IT-infrastruktur. Applikasjonar med stor grad av skreddarsaum eller høge sikkerheitskrav køyrer frå Tussa sine datasenter, medan dynamiske arbeidslastar kan utnytte fleksibiliteten og kostnadsmodellen til Microsoft Azure.

Saman med deg designar vi ein arkitektur som sikrar den mest kostnadseffektive løysinga for bedrifta di, der vi kan migrere tenester som kan utnyttar skalerbarheit og effektivisering, og integrerer tenester som stiller høge krav til sikkerheit og kontroll.