Kva leitar du etter?

Adobe Stock 371364632

Vi er ISO 14001- og 27001-sertifiserte

Alle selskapa i Tussa driv systematisk miljøleiing, og konsernet er ISO 14001-sertifisert. I tillegg er Tussa IKT sertifisert i ISO 27001, informasjonssikkerheit.

ISO-sertifisering er internasjonalt aksepterte standardar som stadfestar at Tussa har gode leiingssystem og jobbar systematisk med miljø og informasjonssikkerheit. Gjennom sertifiseringane har styringssystema våre blitt revidert og godkjent av Nemko. Dette er eit kontinuerleg arbeid, og årlege revisjonar sikrar at vi held godkjenningane ved lag.

ISO-sertifiseringane er i tråd med Tussa sin visjon om å levere framtidsretta og miljøvennlege løysingar.

ISO 14001 miljøleiing

ISO 14001 er ein internasjonal standard for miljøleiing, og stadfestar at Tussa jobbar systematisk med å betre eigen miljøprestasjon og fremje positiv påverknad på miljøet.

ISO 27001 sikkerheitsleiing

ISO 27001 er ein internasjonal standard for informasjonssikkerheit. Sertifikatet stadfestar at Tussa IKT har gode system og rutinar for informasjonssikkerheit, og for å avdekke og stoppe digitale trugslar.