
Finansiell informasjon
Det er sal av vasskraftproduksjonen på den nordiske kraftbørsen som i normalår gir dei største inntektene til Tussa. Inntektene kjem også frå sal av IT-tenester, breiband, installasjonstenester og nettverksemda Mørenett AS.
Gir tilbake
Ein stor del av overskotet i Tussa går tilbake til lokalsamfunnet gjennom utbyte til eigarane. Tussa er i dag eigt av åtte lokale kommunar, KLP og eit kraftselskap.
Overskotet går også til produksjon av meir fornybar energi, og til utbygging av infrastruktur innanfor IT og kommunikasjon.