Kva leitar du etter?

Standal kraftverk

Med kraft til å skape i snart 80 år

Tussa sin visjon er å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Det som starta med eit ønskje om å produsere rein energi frå Tussafossen på Bjørke, har i løpet av snart 80 år endra lokalsamfunnet vårt, og gjort oss til det vi er i dag.

Heilt sidan 1917 var det planar om å byggje kraftverk i Tyssefossen på Bjørke. Etter mange års kamp om fossen vart Tussa skipa 28. desember 1949.

Utbygginga av Tussa-anlegget kosta 70 mill. kr og var ei frisk og driftig satsing. Etter fleire år med anlegg og linjebygging vart Tussa kraftverk sett i drift i 1961. Produksjonen var førehandstinga av kommunane på søre Sunnmøre, og første driftsår vart det produsert om lag 200 GWh.

Auka velstand og auka forbruk gjorde at Tussa såg moglegheitene for nye prosjekt. Eigarane ønskte å vere med på utviklinga, og nye prosjekt vart sette i gang. I 1972 starta utbygginga av Åmela kraftverk, sett i drift i 1977. Deretter vart Vatne og Dale kraftverk bygd, sett i drift i 1987 og 1990.

Tussakonsernet

Ein fri marknad for handel med elektrisitet vart organisert i 1991, då styresmaktene vedtok ein ny energipolitikk. Utover 90-talet skjedde det store endringar i Tussa. Tussa vart omdanna til konsern, og fusjonerte med dei lokale e-verka på søre Sunnmøre.

Frå starten av 2000 talet var det stor aktivitet i Tussa både med rehabilitering av eksisterande kraftverk og utbygging av 11 nye kraftverk.

Fusjonen med lokale e-verk heldt fram på 2020-talet, først med kjøpet av Stryn Energi i 2021 og seinare Stranda Energi i 2023

Verda heim til deg

Tussa arbeider for at dei som ønskjer å bu i regionen vår skal ha gode levekår. Dette krev meir enn tilgang til lys og varme. Ny teknologi har gitt oss nye moglegheiter. I 2002 starta Tussa å byggje ut breiband til kommunane på søre Sunnmøre, og i 2009 starta fiberutbygginga. I dag leverer Tussa internett med høg hastigheit, strøymetenester og TV til private og bedrifter.

Samstundes vart det satsa på IT-tenester, med kjøp av Netway i 2001.

Tussa Installasjon

Parallelt med utbygginga av breiband og IT, styrka Tussa satsinga på installasjonstenester. I 2001 vart Ose & Aarseth del av Tussakonsernet og i 2009 kom Rud Elektro inn. I 2012 vart installasjonssatsinga samla i det nye selskapet Tussa Installasjon. I 2019 kom Kvalsvik Elektro inn, og i 2021 kjøpte Tussa Stryn Elektro. Tussa leverer installasjonstenester til private og bedrifter, og har eit av dei største elektroentreprenørmiljøa på Nord-Vestlandet.

Grøn IT

Tussa sitt datasenter opna i 2015. Grøn og miljøvenleg IT var ein berebjelke under planlegginga av datasenteret. Frå datasenteret leverer Tussa profesjonelle IT-tenester til bedrifter over heile landet.

Tussa er ein del av løysinga

Mykje har endra seg på 70 år, men noko er det same. Behovet for elektrisitet er like stort, om ikkje større enn før, og elektrisk kraft basert på fornybare løysingar er framtida for klima og miljø. Vasskraftproduksjon og ny teknologi gir store moglegheiter. Tussa er ein del av løysinga.