Kva leitar du etter?

Påskespor 1920x1080

Påskespor i Tussaland

Vi inviterer deg til å følgje spora våre i påska.
Følg spora og finn egga i aktuelle saker som handlar om Tussa. Vi skal fram til eit løysingsord på 5 bokstavar.


Trekning 7. april

Delta i påskekonkurransen

I generasjonar har folk sett spor i fjella våre. Gjennom støtte til lokale lag og organisasjonar og utbygging av fibernett i heile regionen har Tussa òg sett spor i lokalsamfunna. 

No inviterer vi deg til å følgje spora våre.

Vi har gøymt fem påskeegg rundt omkring på nettsidene våre. I kvart egg finn du ein bokstav. Når du har funne alle, må du stokke dei om til eitt ord. Hint til kvar du finn egga deler vi på Facebook og Instagram kvar dag frå skjærtorsdag til 2. påskedag. Du finn også dagens hint nedst på denne sida.

Når du meiner du har løyst oppgåva, kan du sende inn svaret ditt nedanfor og bli med i trekkinga av ein fin påskepremie.

Lykke til og god jakt! 🐣

Kraftverk
Påskespor 1: Saka finn du blant nyheitene våre – og handlar om noko stort som skal byggjast for framtida. Hint: Milliardprosjekt.
Solcelle
Påskespor 2: Saka handlar om ei framtidsretta løysing frå Tussa Installasjon, bygt på lokal kompetanse. Hint: Sandetun.
Sikkerheit
Påskespor 3: Dette sporet handlar om å styrke datasikkerheita heime. Kanskje du finn det blant gode råd? Hint: Digital sikkerheit.