Kva leitar du etter?

SAL SAL SAL SAL SAL SAL SAL SAL SAL
Trygg på nett

Ikkje la deg lure på Black Friday

21.11.2025

Black Friday, Black Week og Black Month: kjært barn har mange namn, og lokkar oss med gode tilbod. Men høgsesongen for netthandel lokkar òg til seg svindlarar. Her er råda du bør følgje for å handle trygt på nett.

Black Friday og Black Week har blitt ein av dei største handledagane i året. Mange ventar til november med dei store innkjøpa, og får handla inn mange av julegåvene til gode prisar. Men medan du leitar etter gode tilbod, sit det svindlarar klare til å lure deg. Falske nettbutikkar, lokketilbod og svindel-e-postar er berre nokre av metodane dei brukar. Her får du enkle tips til korleis du kan unngå å bli svindla.

Slik jobbar svindlarane

Folk flest har blitt flinkare til å oppdage svindel, men svindlarane tek samstundes i bruk meir avanserte metodar.

Sjølv med få ressursar kan vondsinna aktørar lage ein nettbutikk som ser heilt ekte ut, og før du merkar ugler i mosen det kan den forsvinne utan spor.

Dei spelar ofte på tidsavgrensa tilbod som er for gode til å vere sanne, og dei veit at folk er innstilt på å finne dei beste tilboda.

Her er våre fem tips for å handle trygt på nett:

1. Ver kritisk til altfor gode tilbod

Om eit tilbod verkar for godt til å vere sant så er det ofte det, sjølv på svartefredag. Svindlarar lokkar med ekstremt låge prisar på populære produkt for å få deg til å handle raskt. Sjekk alltid prisen hos seriøse nettbutikkar før du slår til.

Tips: Bruk prisjakt.no eller prisguiden.no for å samanlikne prisar.

2. Sjekk opp nettbutikken

Falske nettbutikkar ser ofte veldig profesjonelle ut, men manglar kontaktinformasjon, organisasjonsnummer eller ei trygg betalingsløysing. Sjekk at nettadressa startar med https:// og at det er hengelås-symbol i adresselinja.

Tips: Søk etter omtalar av nettbutikken hos til dømes Trustpilot, og sjekk om den er registrert i Brønnøysundregisteret.

3. Ikkje klikk på lenkjer i e-postar eller SMS-ar

Svindlarar sender ofte ut e-postar eller SMS-ar som ser ut til å kome frå kjende butikkar eller frå transportselskap. Når du ventar på ein pakke er det fort gjort å trykke utan å tenkje seg om. Desse inneheld gjerne lenkjer til falske sider som prøver å lure deg til å oppgi kortinformasjon eller BankID.

Tips: Gå heller direkte til nettbutikken ved å skrive inn adressa i nettlesaren din, i staden for å klikke på lenkjene.

4. Bruk sikre betalingsmåtar

Betal med kredittkort eller kjende betalingsløysingar som Vipps eller Klarna. Då har du betre moglegheit til å få pengane tilbake dersom noko går gale. Unngå direkte bankoverføringar eller betalingsløysingar du ikkje kjenner til frå før.

Du kan òg sjekke nettbanken din etter eit kjøp for å vere sikker på at du har blitt trekt rett beløp.

5. Ver obs på sosiale medium

Svindeltilbod spreier seg raskt på Facebook, Instagram og TikTok. Vêr særleg kritisk til annonser frå ukjende aktørar, og sjekk alltid kven som står bak.

Dersom du er usikker, kan du gå ut av appen og besøke nettbutikken i nettlesaren. Som regel ligg dei same tilboda der.

Black Friday og Black Week kan vere eit godt høve til å gjere smarte kjøp, så lenge vi er smartare enn svindlarane. Ved å vere kritisk, sjekke kjelder og bruke sikre betalingsløysingar kan du handle trygt og unngå å bli lurt.

Hugs at det aller beste Black Friday-kjøpet kanskje er det du ikkje gjer, dersom det sparar deg for både pengar og frustrasjon.