Kva leitar du etter?

Tussa Olav Osvoll web 0464
Olav Osvoll, konsernsjef i Tussa

Tussa med beste årsresultat nokon sinne

29.04.2024

Tussa leverer det beste årsresultatet nokon sinne i 2023, med sterke resultat både innan vasskraft, installasjon og IKT. Det betyr utbyterekord til eigarane på 63,1 mill. kr.

Tussa produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, tilbyr IT-tenester og installasjonstenester. I tillegg har Tussa eigarpostar i kraftnett og straumsal i selskapa Linja og Wattn.

Rekneskapen for Tussakonsernet i 2023 viser samla driftsinntekter på 1 366,1 mill. kr (1 192,6) og eit driftsresultat på 396,2 mill. kr (355,8). Resultat før skatt er 310,4 mill. kr (305,6) og etter skatt er resultatet 173,4 mill. kr (131,8). Tilsvarande tal for 2022 står i parentes.

Godt år for kraftproduksjonen

2023 vart eit særs godt år for vasskraftproduksjonen, med eit driftsresultat på 244 mill. kr. Det er 11 mill. kr høgare enn i 2022. Tilsiget var lågare enn normalt, men dette vart kompensert med at oppnådd pris var høgare enn i 2022. For kraftproduksjonen er skattekostnaden på 66,3 % av resultatet før skatt, noko som er lågare enn i 2022. Bortfall av høgprisavgifta frå 1. oktober 2023 gav redusert skatt i høve til 2022. Tussa betalte totalt 137 mill. kr i skatt i 2023, der grunnrenteskatten utgjer 66, 5 mill. kr.

Auka driftsresultat for installasjon

Tussa er i dag den største elektrotekniske installasjonsverksemda i regionen. Dette forretningsområdet hadde også auke i driftsresultatet i fjor, frå 13, 6 mill. kr i 2022 til 15,8 mill. kr i 2023. Det var høg aktivitet i selskapet, noko som har heldt fram i 2024, og det er gode utsikter framover.

Omsetningsvekst for kommunikasjon og IT

Tussa skal dekkje kundane sine behov for framtidsretta, profesjonelle, miljøvenlege og sikre kommunikasjons- og IT-tenester heile døgnet. IKT-verksemda hadde eit driftsresultat på 33,2 mill. kr i 2023 (41,8), medan resultatet før skatt vart på 20,5 mill. kr (32,1). Det var omsetningsvekst både på internett, TV-produkt og IT-produkt, og det er potensiale for ytterlegare vekst.

Nøkkeltal for Tussakonsernet

2023

2022

Driftsinntekter

1 366,1 mill. kr

1 192,6 mill. kr

EBITDA

587,6 mill. kr

525,7 mill. kr

Driftsresultat

396,2 mill. kr

355,8 mill. kr

Resultat før skatt

310,4 mill. kr

305,6 mill. kr

Resultat etter skatt

173,4 mill. kr

131,8 mill. kr

Ordinært utbyte

63,1 mill. kr

53,3 mill. kr

Eigenkapital

1 783,8 mill. kr

1 371,4 mill. kr

Eigenkapitalprosent

37,1 %

34,5 %

Totalkapitalrentabilitet

11,0 %

10,5 %

Årsrapport for 2023

Les årsrapporten for 2023 og andre finansielle rapportar for Tussakonsernet.