Kva leitar du etter?

Osdalen kraftverk
Tussa sine vasskraftverk produserte 889 GWh elektrisk kraft i 2022

Tussa med årsresultat på 131,8 mill. kr

31.03.2023

Alle selskapa i Tussakonsernet skapte betre resultat i 2022 enn året før, og konsernet sitt driftsresultat er det beste som nokon gong er levert.

Samla driftsinntekter i 2022 vart på 1 192,6 mill. kr, og driftsresultatet vart 355,8 mill. kr. Tussa bidreg gjennom det, til godt utbyte og skatteinntekter til staten og eigarkommunane. Samla skattekostnad vart på 173,8 mill. kr i 2022, noko som utgjer 56,9 prosent av resultatet før skatt.

Tussa produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, tilbyr IT-tenester og installasjonstenester. I 2022 viste alle forretningsområda auke i omsetninga i høve til 2021. Innanfor kraftproduksjon var auken spesielt stor, noko som i hovudsak skuldast høgare kraftprisar og auka produksjonsvolum.

10
Tussa kraftverk på Bjørke

Kraftproduksjon

Tussa sine vasskraftverk hadde høg oppetid og lite driftsavbrot i 2022, og det vart produsert 889 GWh elektrisk kraft, mot 609 GWh i 2021. Året starta med magasinfylling på om lag
118 prosent, og avslutta med 85 prosent av normalfylling. I 2022 var gjennomsnittleg spotpris i området vårt 42,8 øre/kWh, om lag det same som i 2021, då gjennomsnittleg pris var 42,0 øre/kWh.

Kraftproduksjonen fekk eit driftsresultat på 233,7 mill. kr i 2022, mot 77,7 mill. kr året før. Resultat før skatt vart 214,8 mill. kr, mot 86,3 mill. kr i 2021.

Nøkkeltal for Tussakonsernet

2022

2021

Driftsinntekter

1 192,6 mill. kr

966,3 mill. kr

EBITDA

525,7 mill. kr

321,5 mill. kr

Driftsresultat

355,8 mill. kr

167,6 mill. kr

Resultat før skatt

305,6 mill. kr

153,6 mill. kr

Resultat etter skatt

131,8 mill. kr

70,9 mill. kr

Ordinært utbyte

53,3 mill. kr

47,0 mill. kr

Utbyte per aksje

16 332 kr

14 385 kr

Eigenkapital

1 371,4 mill. kr

1 309,6 mill. kr

Eigenkapitalprosent

34,5 %

34,5 %

Totalkapitalrentabilitet

10,5 %

6,6 %

Skatt

Årsrekneskapen for 2022 viser ein skattekostnad på 173,8 mill. kr, mot 82,7 mill. kr i 2021. Dette utgjer 56,9 prosent av resultatet før skatt, og for forretningsområdet kraftproduksjon er tilsvarande 68,9 prosent. Den høge skatteprosenten skuldast høg kraftpris, høgt produksjonsvolum, høgprisavgift og auke i grunnrentesatsen. Grunnrenteskatten utgjer 87,8 mill. kr av den totale skattekostnaden for konsernet, mot 50,5 mill. kr i 2021.

Installasjon og IKT

Driftsresultatet for installasjonsverksemda vart 13,6 mill. kr i 2022, og resultatet før skatt vart 12,2 mill. kr. Driftsresultatet auka med 11,1 mill. kr frå året før. Marknaden er framleis prega av hard konkurranse, men Tussa oppleverer høg aktivitet og utsiktene framover er gode.

Tussa Aarsrapport23 web 1061
Høg aktivitet i installasjonsmarknaden gir gode framtidsutsikter for selskapet.

Forretningsområdet IKT fekk eit driftsresultat på 41,8 mill. kr i 2022, medan resultatet før skatt vart 32,1 mill. kr. Det var omsetningsvekst både innanfor kommunikasjonsprodukt og IT-produkt, der kommunikasjonsprodukt hadde ein omsetningsvekst på 14,1 mill. kr og IT-produkt ein omsetningsvekst på 9,3 mill. kr frå året før. Det er potensiale for ytterlegare vekst innanfor begge forretningsområda.

Tussa Aarsrapport23 web 2072
Tussa hadde god vekst innanfor IT- og kommunikasjonsprodukt i 2022.

Utbyte

For 2022 foreslår styret å betale ut 53,3 mill. kr (16 332 kr per aksje) i utbyte.