Kom i gang med Copilot Chat
Tid: Tysdag 8. desember kl. 10:00
Stad: Microsoft Teams
Mange har allereie tilgang til Copilot Chat utan å vere klar over det. I det andre webinaret i Copilot-serien viser vi korleis du kjem i gang og får nytte av KI i arbeidskvardagen allereie i dag. Webinaret er gratis, og du treng ingen forkunnskapar. Meld deg på i skjemaet under.
Copilot Chat er den samtalebaserte delen av Copilot. Du kan stille spørsmål, få hjelp til tekst og jobbe vidare med idear, omtrent som med ein digital sparringspartnar.
I webinaret ser vi mellom anna på:
- kva Copilot Chat er, og kva som skil det frå Copilot for Microsoft 365
- fem konkrete døme: e-post, oppsummering, møteagenda, forklaring og idémyldring
- korleis du skriv betre promptar og får betre svar
Vi viser Copilot Chat i praksis, slik at du ser korleis verktøyet fungerer på vanlege arbeidsoppgåver.
For alle som jobbar med informasjon
KI er for alle. Brukar du tid på å skrive, lese, planleggje eller tenkje, kan Copilot Chat vere nyttig for deg, anten du jobbar med leiing, økonomi, HR, sal eller kundebehandling.
Du treng ikkje ha sett det første webinaret for å få utbytte av dette.
Hallvard Almestad, produktsjef IT i Tussa, held webinaret.