Kva leitar du etter?

Refleksvestutdeling Tussa

Tussa deler ut refleksvestar til førsteklassingar

19.08.2025

Også i år sørgjer Tussa for at dei yngste skuleborna får ein tryggare skuleveg. Alle førsteklassingar i kommunane der Tussa er til stades får utdelt refleksvestar når dei tek til på skulen.

– Tryggleik på skulevegen er viktig for oss, og refleksvesten gjer at barna blir mykje meir synlege i trafikken. Vi har sjølv ein stor bilpark med mange firmabilar som dagleg er ute på oppdrag i regionen. Vi veit kor viktig det er å sjå mjuke trafikantar i tide, og ser kor mykje refleks betyr for tryggleiken. Difor vil vi bidra til at både elevar og foreldre får ein trygg start på skuletida, seier Ann Kristin Einbu, kommunikasjonssjef i Tussa.

I år får nesten 800 førsteklassingar i regionen refleksvest. Halvparten får vesten frå Tussa, medan resten får frå Sparebanken Møre. Slik blir alle førsteklassingar i området ivaretekne. Tussa deler ut refleksvestar til skular i Stranda, Stryn, Volda, Ørsta, Ulstein, Vanylven, Sande, Herøy og Hareid.

Samarbeid med politiet

Utdeling av refleksvestar har blitt ein fast tradisjon, og Tussa har i mange år samarbeidd med skulane, politiet og Reflekspartner for å sikre at dei yngste elevane får sin eigen vest. Å få politiet på besøk for å dele ut refleksvestane, er populært hos barna. Samstundes informerer politiet om kvifor det er så viktig å bruke refleks.

- Det viser seg ofte at barna veit mykje om refleks og kvifor det er viktig. Mange fortel at dei har mange refleksar heime, men at det ofte er dei vaksne som gløymer å bruke dei. Så då går det ei oppmoding ut til foreldre og føresette også om å hugse refleksen, og vere gode rollemodellar for barna, oppmodar Einbu.


Refleksvest illustrasjonsfoto