Kva leitar du etter?

20240212 103225
Stort oppmøte i Loen

Småkraftseminar i Loen

20.02.2024

Tussa og SFE inviterte måndag 12. februar småkrafteigarar frå nærområda sine til småkraftseminar i Loen. Deltakarane fekk ei orientering om prisutsiktene på kort og lang sikt, opphavsgarantiar, dei fysiske marknadene og anna kraftprat.

Prisutsikter for elevekraft i 2024

Olav Botnen frå Volt Analytics var igjen tilbake for å gi oss ein grundig gjennomgang av prisutviklinga for elvekrafta. Med ei voldsam svinging i spotprisane i 2022 og 2023, er det tydeleg at marknaden er i stadig endring. Diskusjonen handla om dei viktigaste drivkreftene bak kraftprisen og kva småkraftprodusentane kan vente seg framover. Fleksibilitet er nøkkelen for å kunne tene mest mogleg på småkraftproduksjonen framover, enten ved å regulere vatnet, det vi seie å byggje dam, eller å investere i batteri for å lagre krafta. På den måten unngår ein å produsere for fullt i dei timane der kraftprisen er lik null.

20240212 104006
Olav Botnen er fast talar på småkraftseminara, og fortalde også i år om prisutsiktene framover.

Langtidsutsikter for norske kraftprisar

Botnen tok oss vidare med på ei reise gjennom langtidsutsiktene for dei norske kraftprisane, gjennom resten av dette tiåret og inn i det neste. Det vart diskutert når vi kan vente å sjå ein felles pris for Norden og korleis Europa påverkar oss på lengre sikt. Spørsmålet om "svarte svaner" - utventa og sjeldne hendingar med stor innverknad, vart også rørt.

Her er det klart at dei komande kraftkablane over Sognefjorden får mykje å seie for utjamning av kraftprisane i Noreg. Vidare er det fleire utviklingstrekk som vil påverke kraftprisane ved at dei gjer det grøne skiftet dyrare:

  • Kostnadsauke på havvind
  • Kostnadsauke på landvind
  • Krevjande investeringar i kraftnettet
  • Hydrogenelektrolyse

Opphavsgarantiar

Ole Johnny Nesdal, som er porteføljeforvaltar i SFE Produksjon, gav oss ei oppdatering om status og utvikling av opphavsgarantiar. Etter rekordprisar i 2022 har prisane på desse garantiane falle tilbake. Diskusjonen omfatta kva som ligg til grunn for denne nedgagnen og utsiktene for framtidige gode prisar.

Opphavsgarantiar er ei merkeordning for elektrisitet for å vise kundane at ei mengde kraft er produsert frå ei spesifisert energikjelde. Enkelt forklart kan vi si at straumen er den same, men du betalar eit bidrag som går til fornybar kraftproduksjon.

I følgje Nesdal vil prisen avhenge av betalingsviljen hos kraftforbrukarar i Europa, korleis konjunkturnedgangen i Europa påverkar marknaden, nedbør og vindmengder.

-Det er gjennomført lite analyse om pris på opphavsgarantiar, konkluderte Nesdal.

3
Ole Johnny Nesdal diskuterer prisar på opphavsgarantiar

Fysiske marknader

Tor Havåg, avdelingsleiar krafthandel i Tussa, heldt eit føredrag om dei fysiske marknadane og kva utfordingar og moglegheiter dei gir. Ettersom vi dei siste åra har sett langt større svingningar i spotprisane enn tidlegare, vart det diskutert kva utfordingar og moglegheiter dette gir for uregulerbar kraftproduksjon, og korleis ein best kan tilpasse seg den «nye» marknaden.

20240212 103412
427101240 366686492921435 4719677658495564606 n

Dagen vart avslutta med separate sesjonar der Tussa og SFE samla kvar sine kundar for djupare diskusjonar og nettverksbygging.

Alt i alt ver det ein vellukka dag med djuptgåande analysar og viktige diskusjonar om kraftmarknaden. Med stadig skiftande landskap er det avgjerande for aktørane å vere godt budd og ha eit solid fundament av kunnskap og innsikt.