Kva leitar du etter?

Oterhals Terje
Terje Garnes Oterhals blir avdelingsleiar for 44 medarbeidarar i Fosnavåg

Proton Elektro blir del av Tussa Installasjon

11.12.2025

Frå 1. januar blir Proton Elektro formelt fusjonert inn i Tussa Installasjon. Med dette samlar vi fagmiljø og ressursar for å tilby betre tenester til kundane våre.

Proton Elektro flyttar inn i Tussa Installasjon sitt bygg i Mjølstadnesvegen 4. Terje Garnes Oterhals, dagleg leiar i Proton Elektro, vert ny avdelingsleiar for Tussa Installasjon avd. Fosnavåg.

- Avdelinga i Fosnavåg får 44 medarbeidarar, inkludert 8 lærlingar. Vi har tre installatørar med sterk kompetanse innan landinstallasjonar, maritime installasjonar og ekom-installasjonar. Med dette står vi godt rusta til å møte behova både hos privatkundar og i næringsmarknaden, og vi vil kunne tilby eit breiare spekter av tenester med høg kvalitet, seier Oterhals.

Bygging av tavle og styresystem vil halde fram i lokala i Mjølstadnesvegen 9, som tidlegare.

Lokale arbeidsplassar

Det var i oktober 2024 at Tussa Installasjon gjorde det kjent at dei to verksemdene skulle slå seg saman. Årsaka til fusjonen er å sikre lokale arbeidsplassar og skape nye moglegheiter for vekst og utvikling. 

- Ved å kombinere ressursane og kompetansen til begge selskapa, vil vi kunne tilby betre tenester til kundane våre og oppretthalde eit stabilt og trygt arbeidsmiljø for medarbeidarane, sa Bård Ottesen, styreleiar i Proton Elektro i oktober.

Tussa Installasjon

Proton Elektro har i dag 29 medarbeidarar i Fosnavåg. Tussa Installasjon har 135 medarbeidarar, der 15 jobbar ved avdelinga i Fosnavåg. Tussa Installasjon har avdelingar i Ørsta, Ulsteinvik, Stryn og Fosnavåg.