Kva leitar du etter?

2

Olav Osvoll er ny konsernsjef i Tussa

07.03.2024

Etter over 30 år med stødig leiarskap frå Elling Dybdal, fekk Tussa 1. mars ny sjef. Olav Osvoll tek no over styringa, og gler seg til å starte eit nytt kapittel i Tussa.

Olav har ein imponerande bakgrunn frå fornybarbransjen. Han er utdanna ingeniør med tilleggsutdanning innanfor økonomi og administrasjon. Han har også lang erfaring frå fornybarbransjen, både frå NVE, Sunnfjord Energi, BKK, og nyleg som direktør i Eviny Fornybar.

20240301 124142
20240301 113539

Fredag 1. mars var alle medarbeidarar i Tussa inviterte til å markere leiarbytet med kaker, gåver og talar til Elling, som no går inn i ny kvardag som pensjonist.

Olav fekk også blomar og ein god velkomst. Han nytta høvet til å fortelje om kor mykje han har gledd seg til å starte i Tussa, bli kjent med alle, og flytte heim til Sunnmøre.

Alle eg har møtt seier at Tussa er ein bra stad å arbeide, med godt arbeidsmiljø. Det er ein kultur vi må ta vare på.
Konsernsjef Olav Osvoll