

Nordvest Elektro slår seg saman med Tussa
Nordvest Elektro fusjonerer med Tussa Installasjon for å styrke satsinga på havbruk og industri, og sikre arbeidsplassane til dei tilsette. Den strategiske samanslåinga kjem som svar på auka krav til spesialisering, og utfordringar knytt til bemanning og tilgang på kompetanse i bransjen.
- Behovet for å sikre arbeidsplassane og skape ein meir robust organisasjon er hovudprioriteten vår.
– Ved å kombinere ressursane og kompetansen til begge selskapa, vil medarbeidarane våre få trygge arbeidsplassar med utviklingsmoglegheiter, og kundane får tilbod om betre tenester, seier Lasse Dale, styreleiar i Nordvest Elektro.
Sterke på havbruk og industri
Nordvest Elektro har i fleire år satsa sterkt på havbruk og industri. No ser selskapet at behovet for spesialisering innanfor fagområda aukar, samstundes som det er ein tøff marknad der mangel på menneskelege ressursar er ei utfordring.
Havbruk og industri er viktige område også for Tussa Installasjon. Tussa har eit av dei største elektroentreprenørmiljøa på Nordvestlandet, med avdelingar i Ørsta, Ulsteinvik, Fosnavåg og Stryn.
- Det er svært positivt at Nordvest Elektro ønskjer å bli ein del av Tussa Installasjon. Saman vil vi vidareutvikle eit solid fagmiljø retta mot havbruksnæringa. Dette er ei viktig og framtidsretta næring for Tussa Installasjon, seier Roar Stenersen, adm. direktør i Tussa Installasjon.

Flyttar til Hovdebygda
Det er selskapet Nordvest Elektro Drift AS som skal fusjonere med Tussa Installasjon, og fusjonen vil skje i løpet av 2025. Dei ni medarbeidarane i Nordvest Elektro vil i løpet av våren få nye stillingar i Tussa Installasjon og flytte til Tussa Installasjon sitt lokale i Hovdebygda.