Kva leitar du etter?

Adobe Stock 284937435

Kundeundersøking frå Tussa

06.02.2023

Denne veka gjennomfører Opinion ei undersøking på vegne av Telia og TV-partnarane, mellom dei Tussa. Her kan du kome med tilbakemeldingar om breibandet frå Tussa og TV-produkta frå Telia.

Tilbakemeldingane er viktige for arbeidet vårt med å forbetre tenestene våre, og det er av stor verdi for oss at flest mogleg deltek i undersøkinga. Alle tilbakemeldingane blir handsama konfidensielt av Opinion.

Alle som svarar er med i trekkinga om to universalgåvekort på 500 kr. Undersøkinga blir sendt ut til denne e-postadressa i neste veke, og vi håpar du tek deg tid til å svare!