Fiber, 5G eller satellitt?
5G og satellitt kan vere gode alternativ når fiber ikkje er tilgjengeleg, men dersom du har moglegheit til å få fiber heim til huset, er det framleis den mest stabile og framtidsretta løysinga.
Kva er eigentleg forskjellen på fiber, 5G og satellitt?
Hovudforskjellen mellom fiber, 5G og satellitt er korleis du får internettsignal inn i huset ditt: via kabel eller som trådlause signal.
Med Tussafiber får du internett gjennom ein fysisk fiberkabel som går heilt inn i huset. Signalet går gjennom kabelen i lyset si hastigheit, og sjølve kabelen har i teorien uavgrensa kapasitet. For å få fiberbreiband må du bu i eit område der fiber er bygd ut, og i løpet av 2026 kan alle hushaldningar på Sunnmøre kople seg til fibernettet vårt.
Med 5G får du internett som trådlause signal frå ei veggmontert antenne til ein basestasjon i nærleiken. Slik kan du få tilgang til internett på stader der det ikkje er mogleg å byggje ut fiber. Men visste du at 5G også er avhengig av fiber? 5G-masta i området ditt omformar dei trådlause signala og sender dei vidare gjennom blant anna Tussa sine fiberkablar.
Med satellittbreiband som Starlink kjem signalet via satellittar. Du har vanlegvis ei antenne eller ein liten parabol på taket som må ha fri sikt mot himmelen. Moderne satellittløysingar har blitt langt bedre enn tidlegare, og kan vere eit godt alternativ i område der det ikkje finst fiber eller god mobildekning.

Dette bør du tenkje på før du vel breiband
Sjølv om både 5G og Starlink har blitt betre, er fiber framleis den løysinga som gir best stabilitet over tid. Fiber er ei kabla linje heilt heim. Det betyr at sambandet i mindre grad blir påverka av avstanden til basestasjon, vêrforhold, fri sikt, radiostøy eller kor mange andre som brukar same trådlause kapasitet i området.
For ein moderne heim betyr dette mykje. I dag brukar vi nettet til langt meir enn å lese nettaviser og sjekke e-post. Vi strøymer film og TV, spelar spel, har videomøte, jobbar heimanfrå, brukar skylagring, styrer smarthus og har stadig fleire einingar på nett samtidig.
Då handlar ikkje breiband berre om toppfart, men om stabilitet, låg forseinking og kapasitet når heile huset brukar nettet samtidig.
Når kan 5G vere eit godt alternativ?
5G kan vere eit godt alternativ der fiber ikkje er tilgjengeleg, eller der det av andre grunnar ikkje er aktuelt å kople seg til fiber. Har du god dekning, kort avstand til basestasjonen og lite belastning i området, kan 5G gi ei god oppleving for vanleg nettbruk.
Samstundes er 5G ei trådlaus løysing. Kvaliteten kan variere med dekning, kapasitet, plassering av utstyr, terreng, bygningsmasse og kor mange andre som brukar nettet samtidig. For nokre vil det fungere bra, for andre kan opplevinga variere meir. Difor er 5G ofte eit alternativ, men ikkje nødvendigvis det beste valet dersom fiber er tilgjengeleg.

Når passar satellittbreiband?
Satellittbreiband, til dømes Starlink, har blitt meir aktuelt dei siste åra, særleg for stader der det er vanskeleg å byggje ut tradisjonell infrastruktur.
Det kan vere hytter, gardar, avsidesliggjande bustader eller område der verken fiber eller god 5G-dekning er realistisk. For desse kan satellitt vere ei viktig og nyttig løysing.
Men satellittbreiband har òg nokre praktiske omsyn. Antenna må ha god sikt mot himmelen, og opplevinga kan bli påverka av plassering, vêrforhold og andre tekniske forhold. Sjølv om moderne satellittløysingar har blitt langt betre, er dette framleis ei trådlaus løysing over svært lange avstandar. Det påverkar òg responstida ("ping") betydeleg, som ein kanskje vil merke aller best om ein spelar dataspel på nett.
Satellitt kan difor vere eit godt alternativ der andre løysingar ikkje strekk til, men der det er mogleg å få fiber vil det som hovudregel vere meir stabilt og framtidsretta.

Kva bør du velje?
Dei teknologiske vanane våre har endra seg kraftig dei siste åra, og internett har blitt ei sjølvfølge. Breibandskrevjande strøymetenester, heimekontorløysingar, gaming og smarthus krev rask og stabil kopling til internett.
Dersom du har eit val anbefalar vi alltid kabla tilkopling. Eit trådlaust signal er mykje meir utsett for forstyrringar enn eit signal som går gjennom fiberkabel. Fri sikt, vêrforhold og avstand til basestasjonen spelar òg inn på kor høg hastigheit du får i praksis.
Med Tussafiber får du alltid hastigheita du betalar for, og du delar ikkje kapasiteten med nokon andre. Fiber er framtidsretta teknologi: ettersom kabelen inn til huset allereie har uavgrensa kapasitet er det enkelt å oppgradere fibermodemet i takt med den teknologiske utviklinga.
Valet av breiband handlar òg om kven som driftar og tek ansvar for infrastrukturen du brukar kvar dag. Med fiber frå ein lokal aktør er du med på å styrke den digitale infrastrukturen og beredskapen i regionen, som vert stadig viktigare i tider med geopolitisk uro.
Vel du Tussafiber kan du òg føle deg trygg på å få god og rask hjelp dersom du har eit problem. Kundesenteret vårt står alltid klare til å hjelpe deg, vi har ein breibandspatrulje som kan hjelpe deg med oppkopling og WiFi-dekning, og erfarne teknikarar som kjenner fibernettet som si eiga baklomme.