Kva leitar du etter?

Iver Lærlingkampen
Iver prøver seg som anleggsmaskinførar i Lærlingkampen på Sunnmøre Live

Iver deltek i Lærlingkampen

16.04.2024

Iver Andreas Baltzersen, som er lærling i Tussa, er med i Sunnmøre Live sin nye TV-serie «Lærlingkampen». Serien gir oss eit innblikk i arbeidskvardagen til lærlingar innanfor ulike fagfelt.

Iver er lærling i elektrofag i Tussa Installasjon, og han tok utfordringa med å delta i Lærlingskampen på strak arm. Deltakinga har vore både lærerik og kjekk.

Eg lærte veldig mykje om kvart yrke, og fekk eit innblikk i korleis innspelinga av eit TV-program går føre seg. Dei andre lærlingane var veldig trivelege, og det var artig å møte nye menneske. Å delta i programmet var ei god oppleving, og eg sit igjen med mange fine minne!
Iver Andreas Baltzersen, lærling i Tussa

Åtte lærlingar frå Møre og Romsdal

I serien får vi følgje åtte forskjellige lærlingar frå Møre og Romsdal. I kvar episode blir vi med ein av lærlingane på jobb, og får eit innblikk i arbeidsoppgåver og utfordringar. Til slutt i programmet konkurrerer lærlingane om å løyse typiske arbeidsoppgåver frå dei andre lærlingane sine fagområde.

Episoden om elektrofag og Ivar i Tussa blir sendt i slutten av april.


Sjå første episode av lærlingkampen:

Installasjon

Lærling i Tussa

Tussa er ei av dei største lærlingbedriftene i fylket på elektro. Som lærling i Tussa får du fagopplæring av høg standard og ei variert læretid med mange spennande utfordringar.