Kva leitar du etter?

Gjerdsvika
Frank Tore Mork og Stian Pettersen i Gjerdsvika IL fekk overrekt gåvesjekken av Henrik Rodt, berekraftstrainee i Tussa.

Gåvesjekk til Gjerdsvika IL

08.09.2025

Gjerdsvika IL har fått tildelt 50 000 kroner frå Tussa sitt berekraftsfond. Midlane skal gå til oppgradering av det elektriske anlegget i klubbhuset. Tiltaket gir ein meir energieffektivt og trygg installasjon, og legg til rette for framtidig aktivitet og arrangement i bygda.

Gjerdsvika IL er eit aktivt idrettslag i Sande kommune med om lag 170 medlemer. I samarbeid med Gursken IL har dei til saman ti fotballag med spelarar frå 5 til 16 år. På Storøyra stadion er det stor aktivitet gjennom heile året, med både kampar og den populære Sandecup. I tillegg til fotballaktivitetar har idrettslaget ei aktiv trimnemnd, som organiserer fjelltrim og andre lågterskeltilbod. Fjelltrimpostane har mellom 8000 og 12 000 besøkande kvart år, og er eit populært folkehelsetilbod.

Klubbhuset i Gjerdsvika er eit viktig samlingspunkt for både idrettslaget og bygda, og vert nytta til alt frå trening til sosiale arrangement, 17. mai-feiring og jonsok. Huset vart renovert etter ein vasskade i 2012, men ikkje etter dei miljøkrava vi har i dag. No ønskjer idrettslaget å oppgradere sikringsskapet, installere trefas inntak og jordfeilbrytarar. I tillegg skal gamle og energikrevjande lysstoffrør og halogenlys bytast ut med led, noko som gir ei meir energieffektiv og trygg løysing.

Gjerdsvika IL er eit godt døme på korleis frivillig innsats og lokal dugnadsand skapar verdi for både idrettsglede og fellesskap. Tildelinga frå berekraftsfondet er i tråd med Tussa sitt mål om å støtte tiltak som fremjar både miljø og sosial berekraft i lokalsamfunnet.

Mottakarar av Tussa berekraftsfond i 2025

I 2025 fekk desse laga og organisasjonane støtte gjennom Tussa berekraftsfond:

  1. Brandal Velforening i Hareid:
    Installere varmepumpe, oppgradering av elektrisk anlegg, lys og stikkontaktar for å gjere Pakkhuset tryggare og betre eigna til arrangement.
  2. Fairtrade Volda og Ørsta:
    Lokale aktivitetar i samband med nasjonal kampanjeveke (13.–19. oktober 2025) for å fremje rettferdig handel, med særlege aktivitetar for barn og unge.
  3. Gjerdsvika IL i Sande:
    Oppgradere sikringsskap og skifte ut gamle lyskjelder til LED i klubbhuset, for tryggleik, miljø og betre lys.
  4. Kvamsøy IL i Sande kommune:
    Gå frå fossil traktorklippar til elektrisk robotklippar for vedlikehald av fotballbanen, slik at barn og unge har ein møtestad for aktivitet.
  5. UL Fram på Åheim i Vanylven:
    Renovering av ungdomshuset frå 1926 med ny kledning, vindu og isolasjon. Dette sparar straum og bevarer eit av landets best bevarte ungdomshus.
  6. Søstrene Mel i Hornindal i Volda:
    Ny produksjon av utespelet Søstrene Mel og sjøormen. Familieframsyning som handlar om klima, miljø, kultur og identitet, der profesjonelle og frivillige samarbeider.