

Vinn billettar til Trebaatfestivalen
Fyll ut skjemaet og bli med i trekkinga av dagspass til Trebaatfestivalen til deg og ein ven.
Den årlege Trebaatfestivalen i Ulsteinvik er ein stor folkefest med mange arrangement for store og små, og Tussa er stolt sponsor.
Fredag 18. august startar kvelden med underhaldning frå øvste hylle med "Kjellen Sommarspesial" i festivalteltet, før Rotlaus går på utescena seinare på kvelden.
Laurdag 19. august får vi bli med på ei musikalsk reise gjennom Tina Turners største hits i "Simply the Best: Tina Turner Show", før Simply the Band spelar opp til dans.
Vinnarane får to dagspass til ein av dagane. Kryss av i skjemaet for kva dagar du er interessert i.
Konkurransen er no avslutta, og vinnarane vil bli kontakta. Takk til alle som deltok!
Konkurransevilkår
Du deltek i trekkinga ved å fylle ut skjemaet på denne sida. Vinnarane blir trekt tilfeldig blant deltakarane. Trekkinga blir gjennomført 14. august. Vinnarane blir kontakta og billettar blir sendt på e-post. Vinnarane blir annonsert med namn på tussa.no og i Tussa sitt nyheitsbrev. Tilsette i Tussa kan ikkje vere med i konkurransen.
Aldersgrense for arrangementa er 18 år. Spørsmål knytt til arrangementet rettast mot arrangør. Atterhald om endringar i programmet. Oppdatert informasjon om arrangementet finn du på trebaatfestivalen.no.