Kva leitar du etter?

IMG 3513

Framgang på Røyrhus kraftverk

14.11.2024

I Røyrhusdalen mellom Grodås og Hellesylt går bygginga av Røyrhus kraftverk framover. Målet er at rørgata skal vere lagt innan nyttår.

Kraftverket vil stå ferdig i løpet av neste år, og har ein forventa årsproduksjon på 5,9 GWh.

Det er Opshaug AS som jobbar med røyrgata. Målet er å leggje ferdig røyrgata i år, men for å få til det er vi avhengige av at det ikkje kjem for mykje snø, seier Ola Raknes, ingeniør prosjektutvikling i Tussa.

Røyrhus kraftverk

Bygginga av Røyrhus kraftverk starta i april. Installert effekt vert 2,0 MW og produksjonen er berekna til 5,9 GWh. Det tilsvarar årsforbruket til knappe 300 husstandar. Prosjektet er kostnadsrekna til 34 mill. kr.

Kraftverket blir plassert om lag 50 meter frå fylkesvegen ved avkøyringa til Røyrhus, også går anlegget innover Røyrhusdalen med ei røyrgate på om lag 950 meter. Det einaste som vil verte synleg av kraftverket frå fylkesvegen er kraftstasjonen.

DJI 0892
DJI 0877
IMG 3478
IMG 3424
DJI 0886