Tussa kjøper fibernettet i Hundeidvik
Tussa er i stor grad ferdig med fiberutbygginga på søre Sunnmøre og har no inngått avtale om å kjøpe fibernettet til Hundeidvik Fibernett. Kjøpet gir kundane ei moderne og framtidsretta løysing, og Tussa får høve til å vekse vidare utanfor dei eksisterande fiberområda.
Då Tussa bygde ut fiber langs Hjørundfjorden vart det lagt sjøkablar med fleire landtak langs fjorden. Eit av landtaka ligg ved Hundeidvik. Då fibernettet til Hundeidvik Fibernett vart lagt ut for sal, ga dette Tussa eit særs godt utgangspunkt for levere raskt og sikkert internett til innbyggjarane i Hundeidvik. Sjøkabelen gir Tussa dobbel mating av fiber til området, og kundane får difor ei svært trygg løysing med høg oppetid.
Ny fiberteknologi
Hundeidvik Fibernett er eigt i fellesskap av kundane som er tilknytt fibernettet. Fibernettet er bygt på dugnad, men er bygt på ein god måte og er godt dokumentert.
- Kundane av Hundeidvik Fibernett vil ved overgangen til Tussa få oppgradert utstyr og ny fiberteknologi. Denne teknologien gjer det mogleg å levere ti gonger meir kapasitet enn før, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
- Då Hundeidvik Fibernett vedtok å selje fibernettet, fekk vi fleire gode tilbod. Årsmøtet i Hundeidvik Fibernett valde samrøystes å gå for tilbodet frå Tussa. Ved å velje Tussa er vi trygge på at ein solid og kompetanserik aktør overtek eigarskapen. Overtakinga vil sikre brukarane eit stabilt og framtidsretta tilbod basert på dei siste teknologiske løysingane, seier Lennart Utgård i Hundeidvik Fibernett.
Bidrag til lokalsamfunnet
Overskotet frå salet av fiberen vil selskapet nytte til å utvikle lokalsamfunnet i Hundeidvik, til det beste for noverande og framtidige innbyggjarar.