Effektiv fiberutrulling i Stryn
Tussa har starta å levere internett og TV til kundane i Stryn, og installasjonane har gått særs raskt. I haust har Tussa installert nytt fiberutstyr til over 100 kundar kvar veke.
Tussa nyttar den nyaste teknologien (XGS-PON) som gir opptil ti gonger større kapasitet til kvar kunde. Dette betyr at kundane i Stryn får ei moderne og framtidsretta løysing utan behov for omfattande gravearbeid.
Snart 1000 oppkopla kundar
Det er elektrikarar frå Tussa Installasjon og OneCo som gjennomfører installasjonane i Stryn, og det er 28 montørar som er i sving ute hos kundane.
- Vi har eit digitalt bookingsystem der kundane sjølv går inn og bestiller tid for installasjon. Det har fungert særs bra, og vore eit godt og effektivt hjelpemiddel. For å sikre at kundane skal få levert tenestene som avtalt, så er det viktig for oss å halde høgt tempo fram mot nyttår. Så langt nærmar oss 1000 oppkopla kundar, og dei gir oss gode tilbakemeldingar. Den nye løysinga fungerer godt og stabilt, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
Lokalt nærvær og kundesenter
Tussa har etablert seg som ein lokal leverandør i Stryn med to kontor i sentrum. Dette gir kundane enkel tilgang til hjelp og støtte. Tussa har også ei lokal breibandspatrulje som kan hjelpe kundane heime, noko som sikrar rask og effektiv problemløysing.