Kva leitar du etter?

TIKT Portal

Full kontroll på IT-tenestene dine, samla på ein stad

TIKT Portal er den nye inngangsporten til oversikt, kontroll og innsikt i heile IT-miljøet ditt. Få rask tilgang til oppdatert informasjon om einingar, brukarar, lisensar, nettverk og sikkerheit. Alt samla på ein stad for enklare beslutningar og betre styring.

Få oversikt over heile IT-miljøet ditt

Sjå sanntidsdata frå alle delar av IT-miljøet ditt, slik at du kan ta informerte avgjerdsler og sikre effektiv drift. Portalen gir deg: 

  • Rapportar om lisensbruk for betre kostnadskontroll
  • Sentralisert innsikt i brukarar, einingar og serverar
  • Rapportar på systemhelse, sikkerheit og compliance

Oversikt over alle supportsaker

Enkel tilgang til status og historikk for alle opne og lukka supportsaker. Følg framdrifta på sakene for god oppfølging og kontroll. 

  • Sanntidsstatus for alle supportsaker
  • Enkel tilgang til dokumentasjon og kommunikasjon
  • Påminning om oppfølging av saker
  • Analyser av saksbehandling og responstid

Kontroll over lisensar og kostnader

Få oversikt over tilgjengelege, brukte og utløpte lisensar, samt kostnader, slik at du kan optmalisere lisensbruken.

  • Detaljert oversikt over alle Microsoft-lisensar
  • Status på tilgjengelege og tildelte lisensar
  • Informasjon om lisensutløp og fornyingar
  • Sporing av lisensbruk per brukar og gruppe

Møt Tussa KI

Tussa KI er tett integrert i kundeportalen og alltid tilgjengeleg. Få raske svar, innsikt og tilrådingar basert på sanntidsdata frå IT-miljøet ditt. Du får til dømes hjelp med:

  • Identifisere einingar med sikkerheits- og compliance-avvik
  • Få innsikt i lisensbruk og kostnadseffektivitet
  • Følge opp supportsaker med status og historikk
  • Analysere helsetilstand i Microsoft 365-tenester
  • Gje datadrivne anbefalingar for betre IT-drift og sikkerheit

Tilgjengeleg funksjonalitet i portalen er avhengig av kva tenester bedrifta di har hos Tussa IKT. Enkelte funksjonar kan difor variere basert på avtalte tenester og tilgangsrettar. 
Tilgangen til portalen er gratis. Ønskjer du hjelp til onboarding, kan våre konsulentar bistå deg med å kome i gang som ein tilleggsteneste. Ta kontakt med Tussa IKT for meir informasjon.

Ønskjer du å kome i gang med TIKT Portal? Kontakt din faste kontaktperson i Tussa IKT for å avtale vegen vidare.