Hallvard Almestad
Senior produktrådgjevar
Tussa IKT
Serverleige, overvaking av utstyr og servicedesk.
Hos oss kan du leige kapasitet til ein eller fleire serverar. Vi tilbyr også overvaking av kommunikasjonslinjer, servere og anna kritisk utstyr. Med servicedesk hos Tussa får brukarane tilgang til IT-kompetanse via e-post, internett og telefon.
Dersom du kombinerer vår servicedesk-teneste med anna driftsbistand vil vi kunne hjelpe deg med tilgangar og andre utfordringar – utan å måtte involvere andre. Mange problemstillingar brukarane har er knytt mot passord-problematikk og spørsmål om tenestar dei nyttar er tilgjengelege. Ved hjelp av ei driftsavtale eller overvaking vil vi raskt kunne hjelpe deg med slike spørsmål. På den måten vil du auke effektiviteten for dine tilsette.
Vi skreddarsyr tenester etter dine behov!
Med denne tenesta kan du køyre dei dedikerte serverane dine i eit sikkert miljø med alle nødvendige fasilitetar.
Du vel sjølv kor ofte du til dømes vil ha backup, og kva yting serverane dine skal ha. For dette betalar du eit fast månadleg beløp. Denne tenesta blir brukt både av kundar som har ASP (alle serverar hos oss) og også einskildkundar som har kritiske system dei ønskjer at vi skal ta ansvaret for. Ein annan innfallsvinkel er at bedrifta har bestemt at dei ønskjer å fokusere på kjerneverksemda, og vel difor at vi skal ta ansvaret for utvalde IT-system.
Med servicedesk hos Tussa får brukarane tilgang til IT-kompetanse via e-post, internett og telefon. Vi skreddarsyr også tenester etter ditt behov!
Med rein datakraft på fornybar energi skaper vi miljøvenlege IT-løysingar til både små og store bedrifter, lokalt og nasjonalt. Med vårt topp moderne datasenter som er bygd etter miljøsertifiserte krav er vi i lag med våre kundar med på å skape ei reinare framtid.
Ta kontakt for å høyre kva vi kan hjelpe deg med
Senior produktrådgjevar
Tussa IKT
Salssjef partnersal
Tussa IKT
Salssjef avd. Ålesund
Tussa IKT
Sals- og produktsjef
Tussa IKT