Kva leitar du etter?

Straumshamn-Bjørkedalen

Her finn du informasjon om utbygging av fiber i området Straumshamn-Bjørkedalen.

Tussa og Volda kommune har inngått ei avtale om å byggje ut fiber på strekninga Straumshamn-Bjørkedalen. Du kan lese meir om samarbeidet her.

Utbygginga vil starte i april 2022, og det er no opna for sal på strekninga. Ta kontakt med kundesenteret på telefon 70 04 63 00 eller kontaktskjema for å bestille.

Dersom vi får nok sal i feltet blir det fatta eit vedtak om utbygging av Tussafiber i området ditt. Då vil planlegginga av feltet starte, og du vil bli invitert til eit oppstartsmøte for graving i feltet. Det er viktig at du som har bestilt Tussafiber møter opp, då du vil få utfyllande informasjon om kva som skjer framover, og vi deler ut kart og naudsynt utstyr.

Dersom du har spørsmål kan du kontakte kundesenteret vårt på 70 04 63 00 eller sende inn eit kontaktskjema.